Folk & Finn til Falturiltu 2016!

!cid_55020D2C-F05D-4021-9F5B-0A9C079E1E4E@cust-bgo_net_intellit

Talkshowet Folk & Finn har spela for fulle hus i Bergen over to år, og i 2016 kjem det endeleg til Falturiltu! På sitt særeigne vis lar Finn Tokvam oss koma halvtett inn på heilinteressante personar. Tokvam garanterer og musikk, dans og basar. Kort sagt topp underholdning!

Sikra deg billett no!

Finn Tokvam er kjent frå P.I.L.S på NRK, spaltist i Bergens Tidende og som vokalist i populærorkesteret Finn-Erix. Han har skrive bøker og dansa seg inn i hjarta til folk flest. Som journalist, kåsør og humorist har han gjort ei rekkje intervju med eit stjernegalleri av personar dei siste tjue åra. Han er spesielt kjent for spørsmålet: tok du fly?