Daniel Kvammen til Falturiltu!

Foto Ingrid Pop

Finn Tokvam sitt talkshow, Folk & Finn, har gått for fulle hus i Bergen i over to år. På sitt særeigne vis lar Tokvam oss kome halvtett inn på heilinteressante personar. Tokvam garanterer også musikk, dans og basar. Kort sagt topp underhaldning. No er det ei stor glede å røpa at gjestene på ARENA, fredag 11. november, blir musikar Daniel Kvammen og festivalforfattar Bjørn Sortland.

28 år gamle Daniel Kvammen vaks opp på Geilo, ein tettstad med 2363 innbyggjarar, som er mest kjent for årlege innrykk av skituristar og det faktum at togstasjonen  markerer at ein er omtrent midtveis på Bergensbanen. Med debutplata ”Fremad i alle retninga” viser Kvammen at korkje alder eller heimstad treng å være ei hindring når ein skal å lage ei imponerande heilstøypt og emosjonelt lada debutplate. Førstesingelen ”Du fortenar ein som meg” sette tonen, med like deler ungdommeleg driv og bråmodent tekstinnhald, og låten blei A-lista på NRK P3. Albumet fekk også strålande mottaking, med terningkast 5 frå blant andre Aftenposten, Dagsavisen, Adresseavisen, NRK P3 og Dagbladet. Live vekslar Daniel Kvammen mellom å være eit feststemt fyrverkeri og det lavmælte og intense, noko han har vist til gagns på Norges største festivalar og spelestader dei siste åra.

Festivalforfattar Bjørn Sortland blir også gjest på denne festkvelden på Arena.  Sortland  har skrive over femti bøker, hovudsakleg for barn og unge. Bøkene hans er omsett til over tjue språk, og dei har sikra han ei lang rekke prisar i inn- og utland.

Finn Tokvam er kjent frå P.I.L.S på NRK, han er spaltist i Bergens Tidende og vokalist i populærorkesteret Finn-Erix. Han har skrive bøker og dansa seg inn i hjartene til folk flest. Som journalist, kåsør og humorist har han gjort ei rekke intervju med kjente personar dei siste tjue åra. Han er spesielt kjent for spørsmålet: tok du fly?