Til opninga av Falturiltu kjem Sigrid Moldestad med band, i eit unikt samarbeid med Stord kulturskule! Moldestad har sidan solodebuten i 2007, vore ei lysande stjerne på den musikalske himmelen. Ho har sine røter i folkemusikken og skriv på nynorsk og syng på si eiga dialekt. Ho har motteke ei lang rekke prisar, og for få veker sidan fekk ho den prestisjefylte Medaasprisen. «Med si særeigne stemme og sitt kraftfulle felespel er Sigrid Moldestad blitt ei av våre kjæraste folkemusikarar», heiter det i grunngjevinga til juryen.
Sundag 6. november får ein oppleva henne i Stord kulturhus, med band, og i eit unikt samarbeid med dei unge songarane i Aspane, og dansarar frå Stord kulturskule.
Ein får også møta årets festivalforfattar, Bjørn Sortland, og vinnaren av Sunnhordlandslåten 2016.
Billett får du her!