Ballturiltu 2016

 

img-20161013-wa0003

I samarbeid med Idrettslaget Trott arrangerer Falturiltu bok- og fotballfest på Prestegardsskogen idrettsanlegg, onsdag 9. november, kl. 17.00-18.30

Til å leie fotballøkta er me i år så heldige å ha med oss Maren Mjelde (bildet) og Olaug Tvedten. Mjelde er kaptein på Avaldsnes IL og kvinnelandslaget i fotball. 26-åringen frå Arna har ei imponerande karriere som fotballspelar på høgt nivå, mellom anna med VM- og EM-sluttspel, Champions League, proffliv og mykje meir. Olaug Tvedten har tidlegare spela på Trott, men signerte for Avaldsnes i juni i år. Ho er berre 16 år men har allereie fjorten aldersbestemte landskampar bak seg, og nyleg blei ho nominert til Årets fotballtalent: http://www.tv2.no/sport/8662535/

Ole Ivar Burås Storø frå Foreningen !les snakkar om fotball og lesing og presenterer den rykande ferske boka , Ørjans keeperskole, av landslagskeeper Ørjan Håskjold Nyland, for fotballspelarar i alderen 8 – 12 år.

Kaker og saft og utlodning av bøker blir det også!

Kjøp billett her!