Agnes Ravatn til Falturiltu 2016

Olaug Nilssen har dessverre måtta melda avbod frå vaksenbokkvelden vår, men me er strålande nøgde med at Agnes Ravatn har sagt ja til å koma i staden!

Stord mållag og Falturiltu inviterer dermed til eit stemnemøte mellom festivalforfattar Bjørn Sortland og Agnes Ravatn. I samtale med Hanne Jacobsen vil dei utforska kvarandre sine forfattarskap.
Det blir også minikonsert med trioen Kaldestad (Gyrid Nordal Kaldestad: stemme, diverse instrument,  Anne Hytta: hardingfele og Are Lothe Kolbeinsen: gitar/preparert gitar.) Gyrid Nordal Kaldestad sine tekstar og melodiar er skjøre og stillferdige, noko trioen prøver å formidle gjennom eit ope og lyttande samspel. Debutplata, Stille, stille, er miksa og mastra av Stian Westerhus, og kjem ut i haust på selskapet Atterklang.

Billett får du her!