Bjørn Sortland har samarbeidd med fleire av dei beste nolevande norske illustratørane, og i utstillinga Kunstillustratørane møter me to av dei – Hilde Kramer, og Øyvind Torseter. Utstillinga inneheld bilde frå biletbøkene oi-oi! og Det hjertet husker av Sortland/Kramer, og Plutselig ville eg ikkje laga dorull-dyr lenger, Den gongen eg liksom-døydde og On the Road again, again av Sortland/Torseter. Kunstillustratørane blir vist i Kunsthallen i Stord kulturhus mellom 7. og 12. november, og er open på dagtid for alle som er interesserte, både små og store. 21. november – 10. desember flyttar utstillinga til Bømlo folkebibliotek.