Vinnaren er klar

hotel-sundal

Duoen Hotel Sundal stakk av med den gjeve førsteplassen i Sunnhordlandslåten 2016, og får æra av å varme opp for Sigrid Moldestad under familiekonserten i Stord kulturhus, søndag 6. november. Om vinnarlåten Kolonne, med tekst og melodi av Torgeir Kismul Matre frå Stord, seier juryen: Teksten er både finurleg og vakker og skildrar noko me kjenner oss att i på vestlandet, gjennom fine bilde som kan overførast til sjølve livet.  Vinnarlåten har også ein flott melodi som raskt set seg fast i hjernebarken.  Godt arbeid!

Høyr songen her:

Hotel Sundal speler distrikts-melankolsk fjordblues med lyriske røter i mellom anna Olav H. Hauge. Med norske, underfundige tekstar prøver Hotel Sundal å fange stemninga i alt frå fråflytta industribygder, forlatte fergeleier til våryr kjærleik mellom høge fjell. Hotel Sundal består av stordabu Torgeir Kismul Matre (gitar/vokal) og Christian Bjølseth (gitar, slide, banjo) frå Oslo.

Juryen har i år bestått av artist og låtskrivar Sigrid Moldestad, redaktør i Mediehuset Sunnhordland, Magne Kydland, musikkprodusent i NRKP1, Aleksander Vallestad og musikar og forfattar Roald Kaldestad.