Ny publikumsrekord i jubileumsåret

 

I 2015 opplevde verdas einaste nynorske barnebokfestival ein kraftig publikumsauke, og det er ei glede å melda at Falturiltu i år nådde ut til endå fleire. Heile 5821 personar fekk med seg dei 69 arrangementa under den åtte dagar lange festivalen, som for første gong involvert nesten alle Sunnhordlandskommunane.

Dette betyr at Falturiltu framleis er Noregs største barnebokfestival, og det desidert største nynorskarrangementet i landet.

Det er vanskeleg å trekke fram høgdepunkt frå Falturiltu 2016, men Bjørn Sortland gjorde ein strålande figur gjennom heile veka, blant anna under opningsførestillinga der ein også fekk oppleve Sigrid Moldestad i samspel med dansarar og songarar frå Stord kulturskule. Sortland innleia også kulturskulen si oppsetjing Måneskinnssoldaten 2, som fylte storstova i Stord kulturhus til randa. Stemnemøtet mellom Sortland og Agnes Ravatn var også utselt, og det same med talk-showet Folk & Finn, der Finn Tokvam hadde med seg Daniel Kvammen i tillegg til ein strålande opplagd festivalforfattar.

Svært vellukka var også Jakta på forteljinga, der studentar ved Høgskulen Stord/Haugesund hadde laga musikalsk-litterær opplevingsløype for dei minste, og konseptet 3 forfattarar og 1 band, der ungdomsbokforfattarane Bjørn Sortland, Ingelin Røssland og Terje Torkildsen blei bokbada av elevar på alle dei tre ungdomsskulane på øya. Det var også musikalsk-litterær turne med Selma Lønning Aarø og Trio Vest i seks av sju sunnhordlandskommunar.

Elles var det ei lang rekke forfattarbesøk på eldresenter, skular og i barnehagar, det var utstillingar, konsertar, faglege seminar og litterære samtalar.

Forfattarane og illustratørane som deltok i år var:

Bjørn Sortland, Hilde Kramer, Rune Belsvik, Øyvind Torseter, Tore Renberg, Terje Torkildsen, Atle Hansen, Veronika Erstad, Per Olav Kaldestad, Anders Totland, Selma Lønning Aarø, Ruth Lillegraven, Oskar Stein Bjørlykke, Per Jan Ingebrigtsen, Ingelin Røssland, Anna R. Folkestad, Roald Kaldestad, Magdalena from Delis, Ragnar Hovland, Agnes Ravatn, Torill Berger Falk, Hans Sande og Sigrid Moldestad