Kari Stai blir festivalforfattar i 2018!

image

Kari Stai er forfattar og illustratør, mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiane om desse to blir karakterisert som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til ei lang rekke språk og er blitt både animasjonsfilm og teater. I fjor haust lanserte Stai boka Tankespinn som er ei vakker og innsiktsfull forteljing om vanskelege tankar i eit lite hovud.

Falturiltu er blitt ein nasjonal festival for nynorsk barne- og ungdomslitteratur, og for å markera dette har ein valt å sleppa årets festivalforfattar i samarbeid med Litteraturhuset i Trondheim, 21. mars.

Same veka lanserer Falturiltu årets tema under Vossa Jazz. 24. mars vil Vegard Markhus lesa og fortelja på biblioteket.  Markhus fekk Nynorsk barnebokpris for bildeboka Timothy mister seg sjølv. Tema i 2018 blir bildebøker, og mottoet blir Ord + bilde = sant.

Kari Stai – Trondheim 21.03: https://www.facebook.com/events/1419597678152658/
Vegard Markhus – Voss 24.03:
https://vossajazz.no/arrangement/vegard-markhus/