Kjøp billett her!
Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har med Ein røff guide til bibelen, skrive ei kunnskapsrik og lett tilgjengeleg innføring i Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Boka er laga både for dei som treng ei oppfrisking av bibelkunnskapane sine, og for dei som knapt har sett i ein bibel, men som føler at dei går glipp av noko viktig. Boka for alle som treng å friske opp att bibelkunnskapane sine, og dei som aldri har opna ein bibel!
Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot Goliat? Kva er opphavet til uttrykket «heile sulamitten»? Og visste du at det var Jesus som først bad oss om å ikkje kaste perler for svin?
Bibelen er den mest selde boka i verda. Bibelen er både heilag tekst og ein litterær triumf – utgangspunktet for to verdsreligionar og ein grunnstein for den vestlege litteraturen og sivilisasjonen. Kan vi eigentleg forstå historia vår, språket og kulturen om vi ikkje veit kva som står i Bibelen?
For mange er dette den viktigaste boka som er skriven, medan mange har eit eksemplar av Bibelen ståande i bokhylla, utan at dei nokon gong opnar han.
Walgermo er ellers aktuell med boka Du som er i himmelen i starten av november.
Bandet Himmelhamn måtte søke bakover for å finne fram – og gamle salmebøker inspirerte Vigleik Winje, , til å skrive ny musikk til gamle tekstar. Bak støv og utilgjengelege skrifttypar fant han radikale tekster om mennesket og Gud. Her var det få snarveier, og tekstene handterer spennet mellom uro og fred, håp og fortviling, frelse og fortaping på et vis som kjennest ekte.
Himmelhamn har eit sterkt melodifokus som vert formidla i et organisk og nært uttrykk. Musikken spenner frå enkle singer songwriter melodier til meir sfæriske arrangement.
Himmelhamn er: Vigleik Winje: Vokal, akustisk gitar, el-gitar & metallofon. Hanne Undheim Askeland: Vokal: Jarle Kristoffersen: Cello. Torleiv Fossum: Banjo, pedal steel, akustisk gitar & el-gitar. Kjell Magne Fauskanger: Bass
Arrangementet er eit samarbeid mellom Falturiltu og Stord sokneråd