Det er klart for ei skikkeleg feststund for heile familien når bandet Building Instrument tar med seg animasjonskunstnar Simone Hooymans, koristane i Aspane og musikklina sitt vokalensemble i eit unikt samarbeid. I tillegg får ein dramatisering av Kari Stai sine karakterar Jakob og Neikob, ved teaterelevar i Stord kulturskule, og presentasjon av vinnaren av Sunnhordlandslåten 2018.
Arrangementet er eit samarbeid med Stord Jazzklubb. Kjøp billett her!
Building Instrument er ein Bergensbasert trio som blandar akustiske og elektroniske uttrykk gjennom sine heilt særeigne komposisjonar. Tekstane er på skrivne på moldedialekt av vokalist Mari Kvien Brunvoll. Bandet hadde allereie bygd seg opp ei solid fanskare før dei platedebuterte til overstrøymande kritikkar i 2014. På deira andre album, Kem Som Kan å Leve (2016), var utrykket deira endå meir draumeaktig, lydbildet var større og meir innhaldsrikt, og det var framleis snakk om sterkt vanedannande og underleg fengjande musikk. Bandet består av:
Mari Kvien Brunvoll (stemme, diverse elektronikk, perkusjon, zither)
Øyvind Hegg-Lunde (trommer, perkusjon)
Åsmund Weltzien (diverse tangentar)
Simone Hooymans er med på videoanimering, som spesiell gjest under konserten på Falturiltu. Ho er opprinneleg frå Nederland, men bur og jobbar som animasjonskunstnar i Ålvik i Hardanger.
9. november slepp Building Instrument sitt tredje album, Mangelen Min, også denne gong via det velrenommerte plateselskapet Hubro.