Vinnaren er klar

image

Brynjar Stautland stakk av med førsteplassen i Sunnhordlandslåten 2018, med låten Himmel og horisont

Juryen, beståande av musikar og låtskrivar Endre Olsen, musikar, musikkprodusent i NRK, Aleksander Solhaug Vallestad og Hilde Førland Eide frå Mediehuset Sunnhordland, uttaler følgande:

Himmel og horisont er ei vakker vise med ein tekst som kler Sunnhordlands-landskapet og kulturen på vestlandet. Spesielt refrenget er storslått og sit som ei kule. Teksten er svært velskriven og har ikkje har eit ord for mykje, eller for lite. Mellom linjene ligg derimot så mykje informasjon som lyttaren berre måtte ønska å fylla inn. Ein kan ana gjenklang frå vante nyheitsbilete dei siste åra, utan at det verkar påtrengande politisk. Her er òg rom for håp i dei mange fine tekstlege bildene: «du er tonane i ein song», «du er morgonen atter ein gong». Det mørke mollstemte musikalske landskapet kler teksten i eit høvande alvor, samstundes som dei få akkordane gir den rom nok til å synka skikkeleg inn hos lyttaren. Ganske enkelt formfullendt!

Vinnaren vil framføra låten under Falturiltufest, i Stord kulturhus, 4. november. Dette blir ei skikkeleg feststund for heile familien der bandet Building Instrument tar med seg animasjonskunstnar Simone Hooymans, koristane i Aspane og musikklina sitt vokalensemble i eit unikt samarbeid. Kari Stai sine karakterar Jakob og Neikob blir også gjort levande ved hjelp av teaterelevar i Stord kulturskule.