Falturiltu utvidar festivalen med ein dag i 2019, og slår til med sjølvaste Eva Weel Skram som opningsartist fredag 1. november.
Nyleg slapp Eva sitt første album «Finne heim» med nynorske tekstar til strålande mottaking. Ho har fått eit stort og trufast publikum landet over, og Falturiltu kan lova ein særs stemningsskapande kveld i storsalen i Stord kulturhus! Heilt sidan Eva byrja å syngja på morsmålet etter deltakinga i «Hver gang vi møtes», har det gått slag i slag for artisten frå Sogndal, og høgdepunkta frå dei siste åra er mange.
Ferske hitar har kome som perler på ei snor, og konsertpublikummet kan gleda seg til å få servert favorittar som «Om du vil» og «Hold meg», i tillegg til både stev og Eva sine vakre tolkingar av Ole Paus og Henning Kvitnes. Konsertane er smakfullt innpakka i vakre og harmoniske lydbilete, og Eva har som alltid med seg sin faste musikalske samarbeidspartnar, ektemann og gitarist: Thomas Stenersen.