Det er ei stor glede å melda at Falturiltu 2020 er tildelt 75.000,- i prosjektmidlar frå Sparebanken Vest.
I vår fekk festivalen 195.000,- frå Kulturrådet, 60.000,- frå Haugaland Kraft og 40.000,- frå SKL, så årets økonomi er godt sikra for verdas største nynorske barnebokfestival. Me tek sikte på å gjennomføra i kjent stil i veke 45 (31. oktober – 6. november) Atle Hansen er allereie presentert som festivalforfattar, og ellers er det meste av programmet spikra, med godbitar for kulturinteresserte i alle aldrar. Dette vil me sleppa rett over sommaren.
Per dags dato veit me jo lite om korleis hausten blir, men vit i alle fall at me kjem til å gjennomføra Falturiltu 2020. Me vil laga til ein festival som rettar seg etter smittevernråda frå styresmaktene, og dermed kan det henda det blir aktuelt med alternative løysingar, til dømes digital formidling. Det vil tida vise.
God sommar!