Programmet for Falturiltu 2020 er klart

Atle Hansen blir årets festivalforfattar, og årets motto, MAGI OG MYSTIKK, er inspirert av hans bøker for barn og unge.  Sidan debuten i 1997 med Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill har det kome ein jamn straum av oppslukande barne- og ungdomsbøker frå Hansen si hand, med høgdepunkt som Heksa, Ulvestova, Den svarte oksen, Svartedalen og den rykande ferske, Eg har venta på deg.

Sistnemnde kan ein oppleva allereie første festivaldag, 31. oktober, då Hansen og Selma Lønning Aarø les skumle forteljingar under tittelen Halloween-grøss. Ulvestova er ein faktisk stad på Stord, og i samarbeid med kulturskulen sine teater- og danseelevar, og Stord-Fitjar turlag, tek me publikum med på ei spanande vandring inn i haustskogen. Atle Hansen blir også bokbada av elevar ved alle dei tre ungdomsskulane på øya, i programmet 2 Hansen og 1 band. Her får han følge av debutant Sigrid Agnethe Hansen.

Svein Tindberg vitjar Stord kyrkje, og her vil Hansen framføre utvalde nynorske salmar. Klassikartimen har blitt ein tradisjon under Falturiltu, og i år er det festivalforfattaren som samtalar med Einar Økland om tilrettelagde bøker, på Høgskulen på Vestlandet, med utgangspunkt i Sikk-sakk, frå 1978.  I samarbeid med HVL blir det også i år fagleg seminar. Her vil bl.a Hansen snakka om forfattarskapen sin.  Stord kulturskule heidrar festivalforfattaren med fATLEriltu, ei elektronisk og symfonisk litteraturframsyning, før heile festivalen vert avslutta med forestillinga HO TOK MED SEG BILEN og satte sykkelen igjen til meg, på Arena, fredag 6. november. Her får Hansen seg bandet Bømlablues, doo-wopdamene MaMa K og litterær supergjest Ragnar Hovland.

Odd Nordstoga (få billettar igjen), Tore Renberg (utselt) er andre celebre gjester under årets festival.

For dei minste blir det Bok og bolle med førpremiere på Anna Rommetveit Folkestad si bok Fiskebolleboksraketten, som kjem ut i 2021 og møte med Marianne Gretteberg Engedal si bildebok Pølsetjuven, i dramatisering ved Heidi Marie Vestrheim og Jarl Flaaten Bjørk. Årets  Stallturiltu blir med NRK-favoritten Malin Hellebø og  Ruth Lillegraven presenterer sin nye miljø- og spenningserie, Klodeklubben i samarbeid med Miljøagentane. Marianne Gretteberg Engedal og Hans Sande vil turnere i Stordskulane med Arkimedes og vindmølla og Tor Arve Røssland vil fortelje om jubilanten Pode.

Dei unge får ellers forfattarmøte med Ane Barmen og Magnhild Bruheim, og Anders Totland stiller i musikalsk bokbad med Stord vidaregåande skule.

Forfattar og journalist Randi Fuglehaug vert også å treffe fleire stader, blant anna med sin krimdebut, Fallesjuke, på Stord folkebibliotek. Den anerkjente omsetjaren og gjendiktaren Tove Bakke besøker dei vidaregåande skulane, Stord og Skeisvang, og stiller også på Språkkafe i Stord folkebibliotek i samarbeid med Internasjonal kulturklubb.

Det vert festivalutstilling med elevar ved designlinja på Fitjar vgs, i foajeen i kulturhuset.

Falturiltu 2020 er cirka 80 arrangement spreidd over heile åtte kommunar. For første gong har me også samarbeid med Haugesund bibliotek og Skeisvang vidaregåande skule.

Obs! På grunn av Covid-19 blir det kun førhandssal av billettar på alle arrangement. Desse kan kjøpast på nett via Stord kulturhus sine sider. 

Programslepp på Sunnhordland museum, 5. oktober 2020 Foto Roar Bahlestuen