Falturiltu 2020 – oppsummert!

Atle Hansen og Sveint TIndberg i Stord kyrkjeAldri før har det vel vore meir spanande å arrangere Falturiltufestival, og aldri har me kjent oss så letta over at (nesten) alt gjekk etter planen. Eitt program blei flytta (fATLEriltu) og to forfattarar måtte trekke seg på grunn av sjukdom, men me kan i dag oppsummere med heile  91 arrangement, og eit publikumstal på omlag 4600.

Atle Hansen har vore ein svært travel festivalforfattar frå sundag 1/11 då han i samarbeid med kulturskuleelevar tok med publikum på ei spanande vandring inn i haustskogen ved Hauglandskvedno. Hansen blei også bokbada av elevar ved alle dei tre ungdomsskulane på øya, i programmet 2 Hansen og 1 band. Her hadde han følge av den strålande debutanten Sigrid Agnethe Hansen.

Svein Tindberg trollbatt publikum i  Stord kyrkje, der også Atle Hansen, Ian Kolstad og Frode Hammersland framførte utvalde nynorske salmar på særeige vis. Klassikartimen har blitt ein tradisjon under Falturiltu, og i år var det festivalforfattaren som samtala med Einar Økland om tilrettelagde bøker, med utgangspunkt i Økland si bok Sikk-sakk, frå 1978.

I samarbeid med HVL, Barnebokkritikk og Foreningen!les var det også i år fagleg seminar, og dette blei strøyma på nettet. Stord kulturskule som skulle heidra festivalforfattaren med fATLEriltu, ei elektronisk og symfonisk litteraturframsyning, valde å utsette dette arrangementet, men det er berre å gle seg. Heile festivalen vart avslutta med forestillinga HO TOK MED SEG BILEN og sette sykkelen igjen til meg, på Arena, fredag 6. november. Her hadde Hansen med seg bandet Bømlablues, doo-wopdamene MaMa K og litterær supergjest og Noregs morosamaste mann,  Ragnar Hovland.

Blant dei mest populære innslaga for dei minste under årets festival, var Stallturiltu med NRK-favoritten Malin Hellebø, og møte med Marianne Gretteberg Engedal si bildebok Pølsetjuven, i dramatisering ved Heidi Marie Vestrheim og Jarl Flaaten Bjørk. Bok og fiskebolle hadde  førpremiere på Anna Rommetveit Folkestad si bok Fiskebolleboksraketten, som kjem ut i 2021, og Ruth Lillegraven presenterte sin nye miljø- og spenningserie, Klodeklubben. Marianne Gretteberg Engedal og Hans Sande turnerte i stordskulane og Tor Arve Røssland fortalte om jubilanten Pode.

Dei unge fekk forfattarmøte med Ane Barmen (digitalt) og Magnhild Bruheim, og Anders Totland stilte til flott musikalsk bokbad med Stord vidaregåande skule.

Forfattar og journalist Randi Fuglehaug kunne ein treffe fleire stader, blant anna med sin krimdebut, Fallesjuke, på Stord folkebibliotek. Den høgt akta omsetjaren og gjendiktaren Tove Bakke besøkte dei vidaregåande skulane Stord og Skeisvang, og stilte på Språkkafe i Stord folkebibliotek i samarbeid med Internasjonal kulturklubb.

For dei vaksne var nok vaksenbokkvelden med Tore Renberg, i samarbeid med Stord mållag, eit høgdepunkt, og både vaksne og unge storkosa seg på to utselde konsertar med Odd Nordstoga Supertrio.
Det var festivalutstilling med elevar ved designlinja på Fitjar vgs, i foajeen i kulturhuset, og denne blir hengande også i tida framover. Kom og sjå!

Takk til våre trufaste frivillige, alle samarbeidspartnerar og sponsorar. No gler me oss til å gå laus på planlegginga av Falturiltu 2021.

Atle Hansen og Einar Økland under Klassikartimen 2020