Ingebjørg Bratland avsluttar Falturiltu 2021

Foto: Isabel Watson

Det er ei stor ære å røpa at Ingebjørg Bratland vil avslutta årets Falturiltufestival, i Stord kyrkje, fredag 12. november

Bratland har knapt fylt 30 år, men ho er allereie kjend i heile vårt langstrakte land for si vakre songstemme og eineståande formidlingsevne. Karriera hennar begynte i folkemusikkmiljøet i svært ung alder, men ho har etterkvart bevega seg meir og meir mot popverda. Alt ho gjer har eit umiskjenneleg Bratlandsk særpreg. Med slagerar som Jul i Svingen, Ingen som du, På avstand, Fordi eg elskar deg, Ljos, Stjernene, Vintersong, Bror, Di Ingebjørg, har ho bora seg djupt  inn i den norske folkesjela. Ho er i tillegg ein fabelaktig formidlar, og ein konsert med Ingebjørg byr både på nydelege låtar og lune anekdotar. Denne miksen har gjeve henne eit stort og entusiastisk publikum over hele landet, i tillegg til over 63 millionar strøymingar på digitale plattformer, og gull- og platinatrofé for cd-ane sine.

Konserten vert arrangert i samarbeid med Stord sokneråd. 

Programmet for Falturiltu 2021 er så å seie i boks, og blir sleppt frå starten av september. Årets festivalforfattar er Ruth Lillegraven, og tema blir Inn i det grøne, inspirert av Lillegraven sitt fokus på natur og miljøvern.