
Dei livstørste musikarane i Bergen Mandolinband kjem til Falturiltu for å spele muntre låtar som «I helvetes flammer», «Ferdig med Hans» og «Rundt og rundt i baren» for oss. Kjøp billett her!
Bandet til forfattar Gaute M. Sortland og felespelar Olav Christer Rossebø miksar heimelaga musikk med låtar som Rossebø har funne på sine reiser og gitt Sortland i oppgåve å lage nye tekstar til. Slik blir musikken ei blanding av det beste frå Cajunland og det verste frå vestlandet. Mørkt, sorgmuntert og særeige.
Bandet feirar i 2021 tjue aktive år, og i fjor slapp dei plata «Koss havna me her» til strålande kritikkar. Til Falturiltu kjem dei for å forsøke å svare på nettopp korleis dei hamna der dei er nå.
Olav Christer Rossebø: Fele og mandolin
Gaute M. Sortland: Gitar og vokal
Ingemund Askeland: Munnspel og banjo
Kjetil Olai Lundø: Kontrabass