Falturiltu fyller femten!

Festivalforfattar Ruth Lillegraven sine bøker for born vil vera den raude tråden i denne femtande Falturiltufestivalen. Du kan treffa henne heile veke 45 (5. – 12. november) blant anna ombord i bokbåten EPOS, både i Brandasund og Leirvik hamn, på leselystturne i 3. klassane på Stord, på Falturiltuseminaret på HVL, og mållagskveld i samtale med Agnes Ravatn og bokbadar Hege Myklebust. Både Småsceneri, Miljøagentane og studentar ved Høgskulen på Vestlandet vil laga framsyningar basert på festivalforfattaren sine bøker, og dikta hennar blir grundig feira i førestillinga Inn i det grøne, med Annlaug Børsheim Band, Stord Soul Children, dansarar og dramaelevar ved Stord kulturskule og born frå Heiane mottakssenter.

I tillegg blir det fleire utstillingar basert på Lillegraven sine tekstar, blant anna av 6. trinn på Leirvik skule, Fitjar VGS FBIE og med illustrasjonane til Mari Kanstad Johnsen og Jens Kristensen.

For å skikkeleg feira jubileet inviterer me til bursdagsfest med den originale programkomiteen, Helga Gunerius Eriksen, Per Olav Kaldestad og Atle Hansen. Dei tre har med seg musikar Anette Thorsheim, og les og syng i Print og Ramme på Leirvik.

Laurdag 6. november blir det heilhusfest i kulturhuset med kake i foajeen, kortfilmprogram med filmar av Bjørn Sortland og Martine Grande, Bok og Politibolle med Marianne Gretteberg Engedal i Stord folkebibliotek og Rullturiltu i skateparken med bokdebutant og skatar, Åshild Moldskred.

Mens me ventar på Goddo har me kalla den litterære søndagsturen, 7. november. Her vil det bli forfattarbesøk ved den nye dagsturhytta Kurebu. Same dag kan ein delta på Stallturiltu, bok- og hestefest på Stord hestesportsenter. Her vil forfattar og illustratør Trude Tjensvold lesa, og det blir barneridning og open kafé. For første gong vil det og bli arrangert ein polsk-norsk forfattardag i samarbeid med Wroclaw folkebibliotek, som kjem på besøk med polske barnebokforfattarar.

Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre vil framføre forestillinga si Tenk om eg var ein tanke og kunne reisa til deg, i Stord kulturhus, for inviterte skuleklassar.

Det flytande litteraturhuset EPOS vil ellers vera på rundtur i distriktet heile veka, blant anna med illustratørane og forfattarane Tetiana Kosovska og Vegard Markhus sitt band Naboen min om bord. Skulane i Sunnhordland- og Haugaland vil få besøk av blant anna teikneserieskaparane Ida Neverdahl og Arild Torvund Olsen, samt forfattarane Terje Torkildsen, Inger Johanne Sæterbakk og Harald Nortun.

Musikklina ved Stord vidaregåande skule inviterer til Haustkonsert med Anders Totland som litterær gjest.

Dei vaksne må også få sitt, så den nyopna baren Åtgaum blir arena for vaksenarrangement på kveldstid gjennom heile festivalveka. Her får ein Klassikartimen med Ragnar Hovland, Jon Fosse-program ved Sandra Kolstad, Vestlandsvegar med Halvor Følgerø, og Bokbar, leia av Ingelin Røssland, med Samlagsforfattarane Gaute Sortland, Mats Rage og Krista Lien Indrehus. Nyopna er også Fengeselet i Leirvik sentrum. Her blir det bokslepp med dramatikar Per Jan Ingebrigtsen og fotograf Øyvind Hjelmen.


Per Olav Kaldestad deltek på Internasjonal kulturklubb sin Språkkafé, med Selma M. Yonus si bok Vuggesang for liten kriger som han har omsett deler av, og Den kulturelle spaserstokken vil tilby besøk med Erna Osland og Inger Lise Belsvik.

Finn Tokvam og Olav Stedje sparkar i gang Falturiltu 2021, med musikk og humor, i ARENA, fredag 5. november, og det blir ellers konsertar med Bergen Mandolinband og Ingebjørg Bratland (obs! få billettar igjen)