Terje Torkildsen. Foto: Marius Vervik
Terje Torkildsen er fødd i Stavanger i 1971, er utdanna norsklektor, men har dei siste tiåra jobba som forfattar og artist. Han er kanskje mest kjent som drosjesjåføren i kultfilmen Mongoland, og for eit titals populære ungdomsbøker på nynorsk, blant anna Dystopia-serien og Stavanger Stories I-III. Han har motteke den gjeve Uprisen to gonger. Terje Torkildsen blir festivalforfattar under Falturiltu 2022 (4.-11. november), men allereie 9. april kan ein treffe han under årets Vossa Jazz!