Varierte godbitar til falturiltu 2022

Kari Bremnes og komikar Hans Morten Hansen er blant toppartistane ein får oppleve under Falturiltu 2022, som i år går av stabelen mellom 4. og 11. november. Billettane til desse arrangementa er alt i sal, og her er det all grunn til å sikre seg i god tid.

Programmet byrjar elles å finne si form, og blant dei barnelitterære stjernene finn ein både bokaktuelle Kari Stai og publikumsfavoritten Maria Parr. Tone E. Solheim, debutant og nyslått vinnar av Nynorsk Barnelitteraturpris 2021, er også stadfesta.

Festivalforfattar Terje Torkildsen vil vera tilstades heile veka, og hans forfattarskap har inspirert årets motto: Action og humor. Torkildsen kan ein oppleva allereie laurdag 9. april, under Badnajazz, i Voss Kulturhus.