Prisvinnande forfattarar og artistar til Falturiltu 2022!

Det er ei stor glede å kunne røpa at både Tønes og Stein Torleif Bjella kjem til Falturiltu i veke 45 (4. -11. november). I tillegg er den strålande svenske barnebokforfattaren Oskar Kroon, Ragnar Hovland, Bente Bratlund og Aina Basso stadfesta. 

Tønes har vakse til å bli ein av landets desidert beste låtskrivarar og tekstforfattarar. På brei Sokndalsdialekt fortel han underfundige og humoristiske historiar om stort og smått. Tønes har gjeve ut ti album, og det siste, Thilda Bøes Legat, stakk av med Spellemannsprisen 2021 i klassen Viser og visepop. Han stiller på Arena, 11. november, med fullt band i ryggen.

Stein Torleif Bjella kjem i år til oss både som låtskrivar, lyrikar og romanforfattar. For romanen Fiskehuset vart han nyleg tildelt Nynorsk litteraturpris 2021, og han har ei perlerad av glimrande plateutgjevingar å ause av. Det er berre å gle seg til ein heilaften i Bjellas låt- og tekstunivers.

Oskar Kroon er forfattar og bakar. Han debuterte med Mitt fönster mot rymden i 2018. For den andre barneboka si, Vänta på vind frå 2019, mottok han den gjeve Augustprisen i heimlandet. Boka blei omsett til nynorsk i 2021, og var blant dei aller finaste bøkene som kom ut her i landet i fjor.

Aina Basso blei nyleg tildelt Samlagsprisen 2022, og ho er aktuell som festspeldiktar under Dei Nynorske festspela i år.  Ho kjem til oss med den rykande ferske boka Dei dødsdømde: dødsstraffa i Noreg og historia om nokre av dei som mista livet.

Ragnar Hovland og Bente Bratlund fyller begge 70 år i 2022, og begge vil bli grundig feira under årets festival. Ellers blir det gjensyn med kjende Falturiltu-klassikarar som Ballturiltu og Stallturiltu, i tillegg til at festivalen sjølvsagt har mange fleire godbitar på lur.