Terje Torkildsen er årets festivalforfattar, og hans medrivande og humoristiske forfattarskap vil gjennomsyra festivalprogrammet. Me møter han allereie 5. november i Møllebua på Stord, i nyproduksjonen Arrfjes, der han har dramatisert si eiga bok med nyskriven musikk av Johan Egdetveit. Torkildsen blir ellers å treffa i samtale med Einar Økland i Valenheimen, og med Ragnar Hovland på Åtgaum. Han blir bokbada på alle ungdomsskulane og av MU-elevane på Stord vgs, og han snakkar om eigen forfattarskap både under Falturiltuseminaret på HVL og i samtale med Ingelin Røssland i arrangementet Klassikartimen. Bøkene hans har også inspirert heile to utstillingar som blir å finna i Stord kulturhus, laga av 7. trinn på Leirvik skule og Fitjar vgs.

Falturiltu er svært stolte av å kunna presentera heile tre nyskapingar i år, blant desse er tidlegare nemnde Arrfjes. Den historiske sjøromanen Arrfjes er truleg den mest lesne boka Terje Torkildsen har skrive, og ho blei i Bokåret 2019 kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene på nynorsk sidan tusenårsskiftet. I samband med festivalforfattaroppdraget på Falturiltu lagar han no altså tingingsverk rundt forteljinga om førstereisguten Ejner Tevig.

NRK-journalist, forfattar og eks-kornettist Halvor Folgerø vender tilbake til sitt barndoms skulekorps i førestillinga Langs kvar ein vestlandsveg, basert på hans andre samling med historier om dei sagnomsuste vegane på Vestlandet. Her blir det spanande, gripande og morosame forteljingar, foto på stort lerret, og Stord og Rommetveit skulekorps som gjennom utvalde musikkstykke underbygger og kontrasterer forteljingane. Folgerø blir med både på fagott og bass, i Stord kulturhus, måndag 7. november.

Sigrid Moldestad har tonesett utvalde barnedikt av Jan-Magnus Bruheim i førestillinga Regndropeborna og andre dyr, eit samarbeid mellom Falturiltu, Førdefestivalen og Vossa Jazz. Denne framsyninga vil bli vist i Valestrand kulturkyrkje i Sveio.

Laurdag 5. november er det heilhusfest i Stord kulturhus, med Den store kinodagen, kakeutdeling, Bok og kråkebolle med Camilla Kuhn og Markus Lantto i biblioteket og Rullturiltu med Ida Neverdahl, Stord Rulleklubb og Stord kulturskule. Same dag blir brettspelet Slaget om Sunnhordland lansert hos Print og Ramme. Her stiller Lars Slettebø og teiknar karikaturar av publikum.

Dei hesteinteresserte kan gå på Stallturiltu i Stord hestesportsenter på Tyse, der det blir barneriding, teiknestund med Camilla Kuhn og kafé. Dei fotballinteresserte kan bli med på Ballturiltu, der tidlegare Brann-keeper Håkon Opdal instruerer og fortel om sin litterære debut, og Maria Parr les frå Keeperen og havet. Her blir det også kafé.
Musikklina ved Stord vidaregåande skule arrangerer Haustkonsert med Bjørn Sortland som litterær gjest.

Dei vaksne skal sjølvsagt også få sitt. Hans Morten Hansen opnar festivalen, fredag 4. november, Kari Bremnes kan opplevast i Stord kyrkje, i samarbeid med Stord sokneråd. Stord mållag har invitert forfattar og visekunstnar Stein Torleif Bjella, og Tønes med band avsluttar Falturiltu 2022 med ei feststund på ARENA. Bente Bratlund og Ragnar Hovland er begge 70 i år, og du kan vera med å feira dei på Åtgaum, der det blir celebre gjester og meny basert på forfattarane sine favorittar. På Åtgaum blir det også Samlagskveldar med Brynjulf Jung Tjønn, Agnes Ravatn, Atle Berge, Aina Basso og Anders Totland.
Det vil bli mange fleire arrangement under Falturiltu enn det me greier å lista opp her, der alt frå barnehagar, grunnskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, HVL og bibliotek er involverte.
I samarbeid med Sunnhordland museum vil det bli invitert til verkstad med heksetema saman med litterær gjest Aina Basso. På turné rundt i distriktet vil ein kunne møta m.a. Atle Berge, Adele Lærum Duus, Oskar Kroon, Anders Totland, Vegard Markhus, Arild Torvund Olsen, Ingunn Røyset, Ingelin Røssland, Tor Arve Røssland, Tone E. Solheim og Kari Stai.
Alt ligg til rette for ein bokfest av dei sjeldne, i Sunnhordland og på Haugalandet, i november!