Heile 7324 publikummarar fekk med seg dei rundt 120 arrangementa under årets Falturiltu, som spreidde seg ut over elleve kommunar i Vestland og Rogaland, mellom 4. og 11. november.

Inspirert av festivalforfattar Terje Torkildsen sin forfattarskap, var tema i år Action og humor. Og action blei det, først med urpremiere på teaterversjonen av den forrykande sjøromanen Arrfjes, så Stallturiltu (bok- og hestefest) med Camilla Kuhn, og Ballturiltu (bok- og fotballfest) med Maria Parr.
Humor blei det også i fleng – standup-show med Hans Morten Hansen og ein Tønes i toppform, framfor eit fullsett Arena. Humorboka av Terje Torkildsen var inspirasjon for både utstilling ved Fitjar vidaregåande skule og bokbad ved MU (mestring og utvikling) på Stord vidaregåande skule. Torkildsen blei også bokbada på alle ungdomsskulane på Stord. «Eit genialt konsept», i følge festivalforfattaren sjølv.

Falturiltu er svært stolte av å ha presentert heile tre nyskapingar i år, blant anna tidlegare nemnde Arrfjes. NRK-journalist, forfattar og eks-kornettist Halvor Folgerø vende tilbake til sitt barndoms skulekorps i førestillinga Langs kvar ein vestlandsveg, basert på hans andre samling med historier om dei sagnomsuste vegane på Vestlandet.
Her fekk ein oppleva gripande og morosame forteljingar frå Folgerø saman med Stord og Rommetveit skulekorps som gjennom utvalde musikkstykke underbygde og kontrasterte forteljingane.

Sigrid Moldestad hadde tonesett utvalde barnedikt av Jan-Magnus Bruheim i førestillinga Regndropeborna og andre dyr, eit samarbeid mellom Falturiltu, Førdefestivalen og Vossa Jazz. Denne framsyninga blei vist i Valestrand kulturkyrkje i Sveio, og me gler oss alt til det blir plate av dette stoffet, rundt påsketider, 2023.
Andre høgdepunkt var musikklinja ved Stord vgs sin Haustkonsert, der Bjørn Sortland var strålande llitterær gjest, og heilhusfesten i Stord kulturhus med kakeutdeling og Bok og kråkebolle med Camilla Kuhn og Markus Lantto i Stord folkebibliotek. Mange små fekk med seg den gøye teaterframsyninga Monsterbesøk med Adele Lærum Duus. Ho var ute på reis heile festivalveka med dei litt skumle, men mest søte, monstera sine, blant anna til Etne og Haugesund bibliotek.

Dei vaksne fekk også magiske opplevingar. Kari Bremnes strålte i Stord kyrkje, medan forfattar og visekunstnar Stein Torleif Bjella laga ei feststund på ARENA. Bente Bratlund og Ragnar Hovland fylte 70 i år, og begge blei eksklusivt feira på Åtgaum, med celebre gjester og meny basert på forfattarane sine favorittar. På Åtgaum var det i tillegg bokbar med Brynjulf Jung Tjønn, Agnes Ravatn, Atle Berge og Anders Totland.

I samarbeid med Wärtsila var ungdomsskulane på besøk i dei fine kontorlokala på Heiane og fekk møta forfattar Tor Arve Røssland. På Sunnhordland museum var det spennande hekseverkstadar der elevar fekk laga si eiga scenografi som forfattar Aina Basso fekk opptre i. Barnehagar, grunnskular, museum, ungdomsskular, vidaregåande skular, HVL og bibliotek fekk besøk av m.a. Oskar Kroon, Vegard Markhus, Arild Torvund Olsen, Ingunn Røyset, Ingelin Røssland, Tone E. Solheim og Kari Stai.

Dette blei kort sagt eit lyspunkt i den mørke tida, og ein bokfest av dei sjeldne, for store og små i kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes, Vindafjord og Voss.