Alle innlegg av Roald Kaldestad

Seminarprogram 2012

 

 

 

Falturiltu inviterer til seminar på
Høgskolen Stord/Haugesund, Rommetveit, 09/11 2012

 

Ryk og reis!

 

Program

08:30     Kaffi, te, registrering

09:00     Opning. Rektor Liv Reidun Grimstvedt ønskjer vel møtt. Musikalsk innslag.

09:30     Ryk og reis! Om eigen forfattarskap for barn og unge.

Ragnar Hovland er festivalforfattar, og er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Reisa står sentralt i mange av bøkene hans, og me følgjer forfattaren på ei reise gjennom forfattarskapen for barn og unge.

10:15     Pause

10:30     «Kjendskab til vore vigtigste forfattere gjennom en passende læsebog» (Udkast til skoleplan for folkeskolerne, 1889).

Professor Dagrun Skjelbred arbeider ved Høgskulen i Vestfold, og gjev oss eit historisk perspektiv på leseboka som litteraturformidlar.

11:15     Lunsj

12.15     Barnefilm, berre for barn? Frå Stephen King til Maria Parr.

Forfattar Tor Arve Røssland gjev oss ein ukronologisk, lite vitskapleg gjennomgang av forfattaren sine personlege favorittar innan film og fjernsyn, med fokus på filmatiserte bøker, og forskjellen på levande film og det skrivne ord.

13:15     Pause, kaffi

13:30     Nynorske barnebøker, finst dei?

Forfattar Bente Bratlund spør og svarar: Ei vanleg erfaring frå skuleturnear gjennom mange år er lærarar som seier at det er lite samtidig barnelitteratur på nynorsk.  Det viser seg då ofte at lærarane ikkje kjenner til den litteraturen som har blitt utgitt dei siste tiåra.

15:00     Slutt

Meld deg på til
Høgskolen Stord/Haugesund
v/ Jorunn Miljeteig
jorunn.miljeteig@hsh.no
Telefon 53 49 13 41

Påmeldingsfrist: 6. november

Seminarleiar: Per Olav Kaldestad

Seminaravgifta på 250 kroner inkluderer varm lunsj, kaffi/te og frukt.

 

Finn-Erix m/ gjester avsluttar Falturiltu!

Finn–Erix er blant landets mest spesielle populærorkester, mykje på grunn av besetninga – stoveorgel m/rytmeboks, fagott og vokal. Trioen har spesialisert seg på humoristiske tolkingar av pop og rockklassikarar, og repertoaret spenner frå Deep Purple via Leonard Cohen til Bjørn Eidsvåg. I tillegg framfører dei eigne låtar som Fretex Fantasi og Hjørdis med H. Sistnemnde fekk terningkast 5 i Dagbladet og låg fleire veker på Norsktoppen.

Fredag 9. november avsluttar dei Falturiltu med blant andre festivalforfattar Ragnar Hovland som orgelvikar.

Orkesteret starta som husband til NRK-serien Radio Røynda. Som namnet tilseier var dette opprinneleg eit radioprogram på Norgesglasset i NRK P1, men etterkvart har det og blitt 7 fjernsynsprogram. På merittlista står mellom anna Festspelvariete på  Madam Felle i Bergen, våren 2005, avbestillingsverket Flesk på Vossa Jazz  2006 og publikumssuksessen Vestlandsrevyen 2007 og 2008 og oppfølgjaren Vestlandsrevyen II hausten 2011.

Finn Tokvam, song og rytmeegg

Odd-Erik Lothe, stoveorgel m/rytmeboks

Halvor Folgerø, fagott

Orgelvikar: Ragnar Hovland

 

 

 

Hovland, Nordstoga og Parr opnar Falturiltu 2012

Ein farfar i livet, Kveldssong for deg og meg og Bestevenn er songar som har treft midt i den norske folkesjela dei seinare åra, og Falturiltu er ikkje reint lite stolte av å kunne opne årets festival med trioen som har skrive eller inspirert desse tekstane og tonane på ein og same scene: Ragnar Hovland, Maria Parr og Odd Nordstoga. Sundag 4. november blir altså ein festkveld av dei heilt sjeldne i Stord kulturhus, både for unge og gamle og dei imellom.

Ragnar Hovland debuterte i 1979, og allereie året etter kom den første barneboka hans, Det får stå til, som gav han Kultur- og Vitskapsdepartementet sin debutantpris. Seinare har det kome over førti bøker frå hans hand, femten av dei for barn og unge. Med sin humoristiske og innfallsrike skrivemåte var Hovland ein nyskapar i barnelitteraturen på åttitalet, og han har seinare inspirert ein heil generasjon unge forfattarar og musikarar.

Odd Nordstoga hadde gjeve ut ei rekke plater av strålande kvalitet då han i 2004 slo gjennom for fullt med plata Luring og superhiten Kveldssong for deg og meg. Gjennom seinare plater som Jul i svingen (2006), Pilegrim (2008), November (2010) og Bestevenn (2011), musikken til filmatiseringa av Maria Parr si bok Vaffelhjarte , har han berre stadfesta sin posisjon som ein av våre mest folkekjære artistar.

Maria Parr debuterte med eit stillferdig brak i 2005 med den kritikarrosa barneboka Vaffelhjarte.  Gjennombrotet kom i 2009 med Tonje Glimmerdal, som gav henne både Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen. Begge bøkene har seld i svimlande opplag her heime, og er omsett til ei lang rekke språk.

Festivalforfattar i 2012 – Ragnar Hovland

Seksti år og like fantastisk

Absurd, underfundig, vittig, frekk og fantastisk. Alt dette er karakteristikkar som kan brukast om den mangslungne og særeigne produksjonen til årets festivalforfattar.

Ragnar Hovland debuterte i 1979, og allereie året etter kom den første barneboka hans, Det får stå til, som gav han Kultur- og Vitskapsdepartementet sin debutantpris . Seinare har det kome over førti bøker frå hans hand, femten av dei for barn og unge.

Med sin humoristiske og innfallsrike skrivemåte var Hovland ein nyskapar i barnelitteraturen på åttitalet, og han har seinare inspirert ein heil generasjon unge forfattarar.

Han har skrive i dei fleste sjangrar; barnedikt, som i Elefantmusikken (1985), der ein finn den moderne klassikaren Kveldssong for deg og meg, som Odd Nordstoga seinare tonesette og fekk sitt gjennombrot med, essay for unge, dramatikk, noveller og romanar, blant andre Ein motorsykkel i natta (1992), som vann Brageprisen, og Fredlaus (2006) som fekk Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris.

Ragnar Hovland er også ein særprega illustratør, som har illustrert fleire av sine eigne bøker, til dømes Emil og kaffikokaren (1987) og Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (1996). I tillegg er han musikant og komponist. Falturiltu er i sitt sjette år svært stolte av å vera med på sekstiårsfeiringa av denne levande legenda i (ny)norsk (barne)litteratur.

Barne- og ungdomsbøker

Det får stå til, barnebok (1980)

Den flygande sykkelen og andre forteljingar, barnebok (1981)

Jakta på salamanderen, barnebok (1983)

Elefantmusikken, barnedikt (1985)

Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr, barnebok (1986)

Emil og kaffekokaren, barnebok (1987)

Mercedes, ungdomsbok (1989)

Ein motorsykkel i natta, ungdomsbok (1992)

Ei lang reise, ungdomsbok (1992)

Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen, barnebok (1993)

Ein dag i Sherwoodskogen, barnebok (1994

Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville, barnedikt (1996)

Detektivforteljing, barnebok (1998)

Verdt å vite (trur eg), barnebok (2002)

Fredlaus, ungdomsbok (2006)

 

Falturiltu 2012

Takk til alle som møtte på Falturiltu 2011 og gjorde det til ein fest frå ende til annan! Planlegginga av årets festival er allereie godt i gang, og det er berre å kryssa av veke 45 i almanakken først som sist (4. – 9. november 2012) . Følg med for snarleg oppdatering.

Gje ein lyd om du er interessert i å vera med som frivillig under festivalen.

Kontakt:

Roald Kaldestad (festivalleiar) tlf 954 60 749 kaldestad@hotmail.com