Runar B. Mæland vann konkurransen Sunnhordlandslåten 2012 som Falturiltu lyste ut i fjor haust, og i romjula fekk han spela inn låten i NRK sine studio i Bergen. Høyr intervjuet og songen her: Runar B. Mæland – Sunnhordlandslåten 2012
Alle innlegg av Roald Kaldestad
Suveren finale
Finn-Erix innfridde så det small i husorgelet under fredagens Falturiltuavslutningshow. Stappfull sal og lune gjesteartistar gjorde sitt til at dette blei det finaste punktumet i Falturiltufestivalen si seksårige historie. Tusen takk til alle de som har møtt på arrangementa denne veka. Me gler oss allereie til veke 45 i 2013! (Foto: Truls Horvei)
Falturiltu i Kulturnytt
Her kan du høyra reportasjen frå dagens Kulturnytt på NRK P2. Falturiltu – Kulturnytt NRK P2
Helge Torvund på Sunnhordland museum
Stord Mållag og Falturiltu har verkeleg gjort eit skup med å få Helge Torvund til Sunnhordland museum, onsdag 7. november kl 20. Torvund har takka ja til berre fire leseoppdrag i 2012 – eitt av dei altså hos oss! Sjå intervju med lyrikaren her: https://www.youtube.com/watch?v=qw7KwsjSKYw (spol fram til 3.42) Dei andre på programmet denne kvelden er Marit Eikemo og brageprisnominerte Aina Basso!
Last ned programmet!
Her er det fullstendige programmet for Falturiltu i pdf-format. Last ned og print ut!