Alle innlegg av Roald Kaldestad

Legendarisk Falturiltuopning!

Odd Nordstoga, Maria Parr og Ragnar Hovland strålte under opninga av Falturiltu 2012 i Stord kulturhus, søndag 4. november. Her i eit bilde frå det forrykande avslutningsnummeret «Kveldssong for deg og meg» saman med dansarar frå Heiane mottakssenter, jentekoret Aspane, Stord kulturskule sitt ukuleleorkester og Storm Weather Shanty Choir!

Hovland på film

Måndag 5. november får ein dei tre Hovlandkortfilmane BeatpoetaneEmil og kaffikokaren og Eddie Stargazer på rekke og rad i Stord kulturhus. Sistnemnde er basert på Hovland si novelle «Ei fullstendig oversikt over rockens historie i Fusa kommune» og var Magnus Martens (United, Arme Riddere) sin debutfilm. Ragnar Hovland er tilstades og les og fortel mellom filmane. Arrangementet er gratis!

 

Strålande førehandssal

Det er nesten ein månad igjen, men førehandssalet til den sjette Falturiltufestivalen går strålande. 4. november brakar det laus med Odd Nordstoga, Maria Parr og Ragnar Hovland i kinosalen i Stord Kulturhus. Her er det allereie over halvfullt. På bok- og fotballfesten, bl.a. med Erik Thorstvedt, tysdag 6. november, er det sett eit tak på 70 deltakarar. Her bør ein skunde seg for å få plass.

Eit nytt gratisarrangement er også kome til. Måndag 5. november blir det filmkveld i Stord kulturhus. Her blir det vist tre kortfilmar basert på tekstar av Ragnar Hovland: Beatpoetane, Emil og kaffikokaren og Magnus Martens sin debutfilm, Eddie Stargazer. Hovland vil sjølv lesa og fortelja mellom filmane.

Det er mange godbitar under Falturiltu 2012 – sjekk det fulle programmet og sikra deg billettar til dine favorittar no!

 

Falturiltuprogrammet er klart

FALTURILTU 2012 – Tema: RYK OG REIS!

Sekstiårsjubilant Ragnar Hovland er årets festivalforfattar og vil prega det meste av programmet under denne sjette Falturiltufestivalen på Stord.  Sjølv blir Hovland å oppleva under opningsfestkonserten i Kulturhuset, søndag 4. november, saman med Odd Nordstoga og Maria Parr. Han er også gjest med populærorkesteret Finn- Erix (Halvor Folgerø, Finn Tokvam og Odd-Erik Lothe) på Arena, fredag 9. november og han vil bidra på det faglege seminaret ved Høgskulen Stord/Haugesund same dag. Tekstane hans vil elles blant anna vera utgangspunkt for årets musikalprosjekt for kunst- og musikkstudentar ved HSH og kortfilmkveld i Kulturhuset.

Dei bok- og fotballinteresserte får sitt også i år. På arrangementet Ballturiltu vil keeperlegenda, forfattaren, og programleiaren Erik Thorstvedt ha ei engasjerande fotballøkt med ungane før det blir fotballbokopplesing ved Lars Mæhle og Atle Berge og kakefest. Fest blir det også for Norsk Barneblad som fyller 125 år. Her kjem blant andre Tor Arve Røssland og Helga Gunerius Eriksen for å kaste glans.

Alle barnehagane i Stord har fått Erna Osland si fagbok «Når du går på ei bru» i gåve frå Falturiltu, og arbeidet med denne vil munna ut i ei utstilling i festivalveka. Utstilling blir det også utandørs i Osen. Leif Hedman og elevane hans ved Fitjar vidaregåande skule, design og handverk, vil presentera installasjonen ”RYK OG REIS!” i samarbeid med Galleri Giga.

Stord Mållag vil ha vaksenbokarrangement i Sunnhordland Museum med Helge Torvund, Marit Eikemo og Aina Basso. Basso vil også delta på Heksedag på museet. Det blir Bok & beibi-arrangement med Anna Rommetveit Folkestad og alle skulane i Stord kommune får forfattarbesøk av bl.a. Bente Bratlund, Atle Hansen, Hans Sande, og Øystein Runde.

Saman med Mediehuset Sunnhordland vil Falturiltu i tillegg lysa ut ein nynorsk låtskrivingskonkurranse. Den beste låten vil bli framførte under ein konsert i heishuset på Litlabø!