Alle innlegg av Trond Onarheim

Meir støtte til Falturiltu

Det er ei stor glede å melda at Falturiltu 2020 er tildelt 75.000,- i prosjektmidlar frå Sparebanken Vest.

I vår fekk festivalen 195.000,- frå Kulturrådet, 60.000,- frå Haugaland Kraft og 40.000,- frå SKL, så årets økonomi er godt sikra for verdas største nynorske barnebokfestival. Me tek sikte på å gjennomføra i kjent  stil i veke 45 (31. oktober – 6. november) Atle Hansen er allereie presentert som festivalforfattar, og ellers er det meste av programmet spikra, med godbitar for kulturinteresserte i alle aldrar. Dette vil me sleppa rett over sommaren.

Per dags dato veit me jo lite om korleis hausten blir, men vit i alle fall at me kjem til å gjennomføra Falturiltu 2020. Me vil laga til ein festival som rettar seg etter smittevernråda frå styresmaktene, og dermed kan det henda det blir aktuelt med alternative løysingar, til dømes digital formidling. Det vil tida vise.

God sommar!
collagelogo

Nynorsk #Nettlest

Fem forfattarar på NettlestFalturiltu og Haugesund folkebibliotek går saman om digital formidling og festivalsamarbeid.

I desse tider må både folkebibliotek og litteraturfestivalar tenkja nytt, og Falturiltu sitt programråd er veldig glade for dette samarbeidet, samt å bli med på den andre runden i Haugesund folkebibliotek sin #nettlest-serie.

Haugesund folkebibliotek har saman med Falturiltu valt ut fem ulike nynorske barne- og ungdomsbokforfattarar. Her blir det alt frå faktabøker for dei små til fiksjon for ungdom. Videoane blir tilgjengelege på denne Youtube-lenka.

Det heile tek til fredag 3. april med Malin Hellebø som fortel om dei beste sjekketriksa til dyra. Etter det vil det bli formidling kvar dag fram til tysdag 7. april. Falturiltu sin festivalforfattar Atle Hansen kjem sjølvsagt, og presenterer frå dei tre bøkene Klure, Apetryne og Svartedalen. Det blir meir dyrefokus med skodespelar og forfattar Mats Eldøen som undrar på kva som ville skjedd dersom me menneske hadde hatt dyra sine eigenskapar.

Ekstra spennande blir det å presentera to forfattardebutantar, nemleg Sigrid Agnethe Hansen som skriv om nakenbilete som blir spreidd på nettet i boka Ser du dette, og Ann Helen Kolås Ingebrigtsen som tek opp ADHD, forelsking og venskap med boka Sinne.

Fleire av desse forfattarane blir å møta under Falturiltufestivalen til hausten som tek til 31. oktober.

Eva Weel Skram opnar Falturiltu 2019

Eva Weel Skram - Finne heimFalturiltu utvidar festivalen med ein dag i 2019, og slår til med sjølvaste Eva Weel Skram som opningsartist fredag 1. november.

Nyleg slapp Eva sitt første album «Finne heim» med nynorske tekstar til strålande mottaking. Ho har fått eit stort og trufast publikum landet over, og Falturiltu kan lova ein særs stemningsskapande kveld i storsalen i Stord kulturhus! Heilt sidan Eva byrja å syngja på morsmålet etter deltakinga i «Hver gang vi møtes», har det gått slag i slag for artisten frå Sogndal, og høgdepunkta frå dei siste åra er mange.

Ferske hitar har kome som perler på ei snor, og konsertpublikummet kan gleda seg til å få servert favorittar som «Om du vil» og «Hold meg», i tillegg til både stev og Eva sine vakre tolkingar av Ole Paus og Henning Kvitnes. Konsertane er smakfullt innpakka i vakre og harmoniske lydbilete, og Eva har som alltid med seg sin faste musikalske samarbeidspartnar, ektemann og gitarist: Thomas Stenersen.