HALVOR FOLGERØ
ONSDAG 2. nov
19:00 Vindafjord folkebibliotek
I 2021 gav NRK-journalist og «vestlandsekspert» Halvor Folgerø ut boka Vestlandsvegar om nokre av dei berykta og berømte vegane på Vestlandet. Boka blei ein stor suksess. Men Vestlandet er stort og historiane talrike og dramatiske. I «Fleire vestlandsvegar – Frå Trollstigen til Djevelens veranda» fortel Folgerø om fleire vegstrekk og tar oss med til kjende og ukjende turistvegar.
HANS MORTEN HANSEN – NATURAL BORN KOMIKER
FREDAG 4. nov
20:00 Arena scene, Stord
Dørene opnar 19:00 – sitteplassar – 400,-/ 300,- (student)
Falturiltu opnar årets festival med Hans Morten Hansen. Hansen har vunne fleire komiprisar, han underheld heile landet på laurdagar i «Side om Side» og førre gong han lagde show kalte Rogalands Avis han for «Norges morsomste mann». Sjå fram til ein standupforestilling med nær, kjær og personleg observasjonshumor av første klasse.
BOK OG KRÅKEBOLLE
LAURDAG 5. nov
12:00 Stord folkebibliotek – gratis
Falturiltu inviterer til Bok og bolle med forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn som har laga boka «Kåre og Marimba»! Kåre og Marimba er to gode vener som finn ut at dei skal hjelpa folk uansett kor lite dei eigentleg treng hjelp, då Marimba kan vera ganske så insisterande. Med litt flaks møter dei kanskje nokon som har eitt kilo is som held på å smelta bort og som absolutt må etast opp veldig raskt?
MONSTERBESØK
LAURDAG 5. nov
12:00 Vindafjord folkebibliotek – gratis
Under Falturiltu kjem det monster til Vindafjord! Møt bestevenene Storemonster og Veslemonster. Dei to har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leika, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko kjekt å leika aleine. Skal tru om dei kan leika saman alle tre? Adele Lærum Duus driv sitt eige teater ”Lys levende Adele” og har laga fleire kritikarroste teaterførestellingar basert på eigne og andre sine bøker.
LANSERING: SLAGET OM SUNNHORDLAND
LAURDAG 5. nov
13:00 Print og ramme, Stord – gratis
Bli med på lanseringa av det lokale brettspelet Slaget om Sunnhordland. Den kreative gjengen bak stiller med signerte spel og fortel historia bak idéen. Sunnhordland brettspelklubb er inviterte med som ekspertpanel, og illustratør Lars Slettebø teiknar karikaturar.
ARRFJES – TERJE TORKILDSEN OG JOHAN EGDETVEIT
LAURDAG 5. nov
14:00 Møllebuo, Stord (ved Stord kyrkje) – 100,-/ 50,-
Med danseinnslag av elevar ved Stord kulturskule
Årets festivalforfattar på Falturiltu lagar teaterframsyning av ei av dei meste populære bøkene sine. Den historiske sjøromanen Arrfjes er truleg den mest lesne boka Terje Torkildsen har skrive og ho blei i Bokåret 2019 kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene på nynorsk sidan tusenårsskiftet. Ei teaterframsyning med nyskriven musikk av vossingen Johan Egdetveit. I samarbeid med Sunnhordland museum.
TERJE TORKILDSEN OG EINAR ØKLAND
LAURDAG 5. nov
17:00 Valenheimen, Sveio – 50,-
Festivalforfattar Terje Torkildsen inviterer Einar Økland heim til samtale og lesestund med fokus på humor og alvor i litteraturen. I samarbeid med Valenheimen og Valestrand bygdalag.
STEIN TORLEIF BJELLA
LAURDAG 5. nov
20:00 Arena scene, Stord
Dørene opnar 19:00 – sitteplassar – 400,-/ 350,- (medl. Stord mållag)
Stein Torleif Bjella er kjend som musikar, rimsmed og forfattar. For romanen Fiskehuset vart Bjella tildelt Nynorsk litteraturpris 2021. Ein av våre aller største visekunstnarar leverer melodiar og historier med ei formidlingsevne få er i nærleiken av. Det er berre å gle seg til eit dykk ned i Bjellas låt- og tekstunivers når han besøkjer Stord.
STALLTURILTU
SUNDAG 6. nov
14:00 Tyse hestesportsenter, Stord – 50,-
Bli med på ei kneggande god stund med hesteaktivitetar og open kafé! Illustratør og forfattar Camilla Kuhn kjem for å underhalda med sine flotte hestekunnskapar. Camilla er kanskje ikkje så flink til å ri, men ho er ekspert på å teikna hestar! Her vil det bli mogleg å få seg ein liten ridetur, prøva ut hesteskokasting og få seg ein ny firbeint ven.
KLASSIKARTIMEN
Sundag 6. nov
20:00 Åtgaum, Stord – 100,-
Terje Torkildsen og Ingelin Røssland møtest for å samtale om dei to Uprisvinnande ungdomsbokklassikarane Marki Marco og Handgranateple. Begge desse bøkene kom i ei tid med fornya satsing på barne- og ungdomslitteratur på grunn av ein skremmande nedgang i lesinga blant unge. Både Uprisen og foreningen !Les var blant tiltaka for å bøta på dette, Samlaget fornya seg kraftig, det kom ut fleire populære ungdomsbøker på nynorsk.
LANGS KVAR EIN VESTLANDSVEG
MÅNDAG 7. nov
18:00 Storsalen, Stord kulturhus – 250,-/ 150,-
NRK-journalist, forfattar og eks-kornettist Halvor Folgerø vender tilbake til sitt barndoms skulekorps! Langs kvar ein vestlandsveg er basert på Folgerø si andre samling av fantastiske historier om dei sagnomsuste vegane på Vestlandet. Her blir det spanande, gripande og morosame forteljingar, foto på stort lerret, og Stord og Rommetveit skulekorps som gjennom utvalde musikkstykke underbygger og kontrasterer forteljingane. Folgerø blir med både på fagott og bass.
FALTURILTHURRA FOR BENTE BRATLUND!
MÅNDAG 7. nov
20:00 Åtgaum, Stord – 350,- inkl. mat/ 180,- utan mat
Matservering frå klokka 19:00
Bente Bratlund fyller 70 år i år, og Falturiltu inviterer til bursdagsfest på Åtgaum, mandag 7. november. Ho får besøk av dei litterære gjestene Hans Sande og Ingelin Røssland, og det blir servert ein eigen festmeny, med forfattaren sin favorittmat- og drikke.
På menyen: Åtgaum sin lasagne med kvitlauksbrød og salat.
Merk: Billettar med mat må bestillast innan 30.10. Mat blir servert 1 time før arrangementet, så møt opp i god tid.
FAMILIEKONSERT med SIGRID MOLDESTAD og band
TYSDAG 8. nov
18:00 Valestrand kulturkyrkje, Sveio – 250,-/ 150,-
Familiekonsert med Sigrid Moldestad og Regndropebandet. Av alt diktaren Jan-Magnus Bruheim etterlet seg står barnedikta hans i eit eige lys. Hans vidunderlige evne til å undre seg over smått og stort, betraktningar blant natur og dyr og hans klåre stemme til dei som fell lit utanfor, går att i dikta. Vakre sterke tekstar som snakkar til både små og store. Det er leikne historier om “ Snigla som sykla” og dei som bur i “Sutrelid” og det er såre bileter om bråkeguten som egentlig vil vere grei. Konserten er ein samproduksjon mellom Falturiltu, Førdefestivalen og Vossa Jazz. På konserten får publikum også sjå fleire av dei vakre illustrasjonane til Jens Kristensen. Regndropebandet består av Sondre Meisfjord (bass) Kåre Opheim (trommer) og Jørgen Sandvik (gitarar/dulcimer). Lyddesign ved Kjetil Aabø.
KVELDSSTUND PÅ ETNE BIBLIOTEK
TYSDAG 8. nov
18:00 Etne folkebibliotek – gratis
Forfattar Vegard Markhus les ei kjedeleg bok – og to…! Han er òg flink til å spela og teikna, så her kan du få høyra «Male himlen blå» og sjå underfundige figurar. Få med deg ei koseleg kveldsstund med bollar og bananer. Passar for barn frå 4 år.
BOKBAR MED AINA BASSO OG ATLE BERGE
TYSDAG 8. nov
20:00 Åtgaum, Stord – 100,-
Historikar Aina Basso tek oss med attende til den tida dødsstraff var praktisert i Noreg. I dag er denne straffeforma særs kontroversiell, men den finst stadig i mange deler av verda. Basso fortel enkelthistoriane til nokre av dei som fekk denne straffa i Noreg, og kvifor den var avvikla. Journalist Atle Berge tek oss med til vår eiga samtid med boka «Diskursteori for barn og fulle folk». Berge fortel med humor og kløkt om ein mann sin motstand mot å stadig tilpassa seg det moderne samfunnet si springande tidsånd og stressande effektivisering.
BALLTURILTU
ONSDAG 9. nov
17:00 Prestagardsskogen, Stord – NB: Få billettar!
Stjerneteamet Maria Parr og Håkon Opdal er med når Falturiltu arrangerer bok- og fotballfest i samarbeid med Idrettslaget Trott. Maria Parr er blitt kalla den moderne barnelitteraturs superstjerne og det passar uvanleg godt at ho kjem til oss for å lese frå boka si Keeperen og havet. Til å leie fotballøkta er me nemlig så heldige å ha med oss tidlegare Brann-keeper Håkon Opdal. Opdal er også litterær debutant i år, med romanen Den ellevte mann, som handlar om korleis det er å vere den som vaktar over målet. Arrangementet passar for bok- og fotballglade i alderen 7- 11 år, og det blir både kafé og utlodning av bøker!
HAUSTKONSERT med forfattargjest
ONSDAG 9. nov
19:00 Konsertsalen, Stord vgs – 100,-/ 50,-
Musikklinja på Stord Vidaregåande Skule inviterer til Haustkonsert i samarbeid med Falturiltu. Her vil de få høyra kor, ensemble og solistar. Med forfattargjest Bjørn Sortland som vil lesa frå si komande bok – me kan ikkje røpa for mykje – anna enn at den handlar om kjærleik.
BOKLANSERING: TIL JORD SKAL DU BLI
ONSDAG 9. nov
20:00 Åtgaum, Stord – gratis!
For sju år sidan feira me Anders Totland si debutbok under Falturiltu. No er han klar med si 15. bok, som er hans andre roman for vaksne. Forlaget kallar det ein tragikomisk noir, sjølv kallar forfattaren det ein rølpete bygdethriller. Alle som kjem på lanseringa er med i trekninga av ei lekker og original «Til jord skal du bli»-trøye, og det er gode sjansar for at forfattaren stiller med nokre krukker himmelsk honning frå eigen bigard. Kanskje blir det ein salme eller to. Her kan alt skje. Nesten.
JAKOB & NEIKOB OG TIDSMASKINEN
TORSDAG 10. nov
17:00 Stord folkebibliotek – gratis!
Den eine er alltid optimistisk og seier «ja!», den andre pessimistisk og seier «nei!». Jakob og Neikob er blant dei mest elska og mest attkjennande karakterane i nynorske barnebøker. Under Falturiltu kan du møta sjølvaste Kari Stai som står bak denne bildebokserien. Stai kjem til Stord folkebibliotek med den siste boka om dei to venene: «Jakob og Neikob og tidsmaskinen». Ho fortel om dei to som vaknar opp og plutseleg er i ei anna tid. Korleis skal dei få tak i tjuven som har stole tida? Passar veldig godt for barn 4 – 8 år.
FRÅ TROLLSTIGEN TIL DJEVELENS VERANDA
TORSDAG 10. nov
18:00 Bømlo folkebibliotek – 100,-
I 2021 gav NRK-journalist og «vestlandsekspert» Halvor Folgerø ut boka Vestlandsvegar om nokre av dei berykta og berømte vegane på Vestlandet. Boka blei ein stor suksess. Men Vestlandet er stort og historiane talrike og dramatiske. I «Fleire vestlandsvegar – Frå Trollstigen til Djevelens veranda» fortel Folgerø om fleire vegstrekk og tar oss med til kjende og ukjende turistvegar.
KARI BREMNES
TORSDAG 10. nov
19:00 Stord kyrkje – 440,- NB: Få billettar igjen!
Kari Bremnes har skrive songar i 20 år og gjeve ut 15 soloalbum. Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med fans i mange land og eit platepublikum over heile verda. I Stord kyrkje opptrer Kari Bremnes saman med Bengt Egil Hanssen på tangentar.
BOKBAR MED BRYNJULF JUNG TJØNN OG AGNES RAVATN
TORSDAG 10. nov
20:30 Åtgaum – 100,-
Kva vil det seia å vera «typisk norsk?» Å få omtale i riksmedia er ikkje det ein er mest vand med når ein skriv poesi, men boka «Kvit, norsk mann» av Brynjulf Jung Tjønn har til dei grader blitt lagt merke til. Tjønn sine dikt viser korleis det er å veksa opp i Noreg når du har eit anna fødeland, og at det er stor trong for å kasta lys på dei meir usynlege haldningane mange har til det å ikkje vera etnisk norsk. Agnes Ravatn tek oss med inn i korleis det stadig er å måtta samanlikna seg sjølv med andre, og ikkje vera nøgd med den du er. I boka «Gjestene» kjem den norske hyttekulturen i søkjelyset. Med ein syrleg og lakonisk penn – men aldri utan humor – skriv Ravatn om samtida si jag etter suksess og nordmenn sine korrumperte moralske normer.
MONSTERBESØK
FREDAG 11. nov
12:00 Haugesund folkebibliotek – gratis
Under Falturiltu kjem det monster til Haugesund! Møt bestevenene Storemonster og Veslemonster. Dei to har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leika, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko kjekt å leika aleine. Skal tru om dei kan leika saman alle tre? Adele Lærum Duus driv sitt eige teater ”Lys levende Adele” og har laga fleire kritikarroste teaterførestellingar basert på eigne og andre sine bøker.
FALTURILTHURRA FOR RAGNAR HOVLAND!
FREDAG 11. nov
18:00 Åtgaum, Stord – 350,- inkl. mat/ 180,- utan mat
Matservering frå klokka 17:00
Ragnar Hovland er sytti år i år, og det skal feirast! På Åtgaum, fredag 11. november, vil Terje Torkildsen samtale med Hovland om humor og alvor, og det blir opplesing ved jubilanten. I tillegg byr me på ein svært eksklusiv intimkonsert med sjølvast TØNES , og ein festmeny med Hovland si(n) favorittmat- og drikke.
På menyen: Åtgaum sin delikate anderett.
Merk: Billettar med mat må bestillast innan 4.11. Mat blir servert 1 time før arrangementet, så møt opp i god tid.
TØNES
FREDAG 11. nov
20:00 Arena scene, Stord
Dørene opnar 19:00 – ståplassar – 440,-
Tønes heiter eigentleg Frank Tønnesen, kjem frå den vesle bygda Sokndal i Rogaland og er ein av landets beste låtskrivarar og tekstforfattarar. I tekstane nyttar han Sokndal-dialekt og fortel underfundige og humoristiske historiar om små og store ting. Tønes har gjeve ut 10 album, og den siste plata «Thilda Bøes Legat» fekk strålande omtalar.
Følg med på denne sida for stadige programslepp fram til festivalen!