Kategoriarkiv: Nytt frå Falturiltu

Tre klassikarar for heile familien!

Tradisjonen tru blir det sjølvsagt både Ballturiltu (bok-og fotballfest), Stallturiltu (bok- og hestefest) og Bok og bolle (bok- og bollefest) under Falturiltu 2022 (4.-11. november).

Stjerneteamet Maria Parr og Håkon Opdal er med når Falturiltu arrangerer bok- og fotballfest i samarbeid med Idrettslaget Trott, iPrestegardsskogen idrettsanlegg, onsdag 9. november. 

Maria Parr er blitt kalla den moderne barnelitteraturs superstjerne og det passar uvanleg godt at ho kjem til oss for å lese frå boka si Keeperen og havet. Til å leie fotballøkta er me nemlig så heldige å ha med oss tidlegare Brann-keeper Håkon Opdal. Opdal er også litterær debutant i år, med romanen Den ellevte mann, som handlar om korleis det er å vere den som vaktar over målet.

Arrangementet passar for bok- og fotballglade i alderen 7- 11 år, og det blir både kafé og utlodning av bøker!

Falturiltu inviterer til Bok og kråkebolle, i Stord Folkebibliotek, laurdag 5. november med forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn som har laga boka «Kåre og Marimba»!

Kåre og Marimba er to gode vener som finn ut at dei skal hjelpa folk uansett kor lite dei eigentleg treng hjelp, då Marimba kan vera ganske så insisterande. Med litt flaks møter dei kanskje nokon som har eitt kilo is som held på å smelta bort og som absolutt må etast opp veldig raskt? Kåre og Marimba er faktisk heldige, og treff på Torsten som har mista sykkelnøkkelen sin og som nesten aldri betalar for noko som helst. Det visar seg at Torsten leiker gøymsel med sine gode vener i politiet, og det kan jo sjølvsagt Kåre og Marimba hjelpa til med!

Camilla Kuhn blir også å treffa på Stallturiltu, bok- og hestefest i Stord Hestesportsenter på Tyse, sundag 6. november. Camilla er kanskje ikkje så flink til å ri, men ho er ekspert på å teikna hestar! Her vil det bli mogleg å få seg ein liten ridetur, prøva ut hesteskokasting og få seg ein ny firbeint ven. Det blir også kafé.

Splitter nye familieforestillingar til Falturiltu 2022!

Falturiltu er svært stolte av å kunna presentera heile tre nyskapingar i år.

Først ut er Arrfjes, av og med festivalforfattar Terje Torkildsen og musikar Johan Egdetveit. Den historiske sjøromanen Arrfjes er truleg den mest lesne boka Torkildsen har skrive, og ho blei i Bokåret 2019 kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene på nynorsk sidan tusenårsskiftet. I samband med festivalforfattaroppdraget på Falturiltu lagar han no altså tingingsverk rundt forteljinga om førstereisguten Ejner Tevig. Forestillinga blir framført i Møllebua (ved Stord kyrkje), laurdag 5. november.

NRK-journalist, forfattar og eks-kornettist Halvor Folgerø vender tilbake til sitt barndoms skulekorps i førestillinga Langs kvar ein vestlandsveg, basert på hans andre samling med historier om dei sagnomsuste vegane på Vestlandet. Her blir det spanande, gripande og morosame forteljingar, foto på stort lerret, og Stord og Rommetveit skulekorps som gjennom utvalde musikkstykke underbygger og kontrasterer forteljingane. Folgerø blir med både på fagott og bass, i Stord kulturhus, måndag 7. november.

Sigrid Moldestad har tonesett utvalde barnedikt av Jan-Magnus Bruheim i førestillinga Regndropeborna og andre dyr, eit samarbeid mellom Falturiltu, Førdefestivalen og Vossa Jazz. Forestillinga blir spela i Valestrand kulturkyrkje, tysdag 8. november.

Prisvinnande forfattarar og artistar til Falturiltu 2022

Det er ei stor glede å kunne røpa at både Tønes og Stein Torleif Bjella kjem til Falturiltu i veke 45 (4. -11. november). I tillegg er den strålande svenske barnebokforfattaren Oskar Kroon, Ragnar Hovland, Bente Bratlund og Aina Basso stadfesta. 

Tønes har vakse til å bli ein av landets desidert beste låtskrivarar og tekstforfattarar. På brei Sokndalsdialekt fortel han underfundige og humoristiske historiar om stort og smått. Tønes har gjeve ut ti album, og det siste, Thilda Bøes Legat, stakk av med Spellemannsprisen 2021 i klassen Viser og visepop. Han stiller på Arena, 11. november, med fullt band i ryggen.

Stein Torleif Bjella kjem i år til oss både som låtskrivar, lyrikar og romanforfattar. For romanen Fiskehuset vart han nyleg tildelt Nynorsk litteraturpris 2021, og han har ei perlerad av glimrande plateutgjevingar å ause av. Det er berre å gle seg til ein heilaften i Bjellas låt- og tekstunivers.

Oskar Kroon er forfattar og bakar. Han debuterte med Mitt fönster mot rymden i 2018. For den andre barneboka si, Vänta på vind frå 2019, mottok han den gjeve Augustprisen i heimlandet. Boka blei omsett til nynorsk i 2021, og var blant dei aller finaste bøkene som kom ut her i landet i fjor.

Aina Basso blei nyleg tildelt Samlagsprisen 2022, og ho er aktuell som festspeldiktar under Dei Nynorske festspela i år.  Ho kjem til oss med den rykande ferske boka Dei dødsdømde: dødsstraffa i Noreg og historia om nokre av dei som mista livet.

Ragnar Hovland og Bente Bratlund fyller begge 70 år i 2022, og begge vil bli grundig feira under årets festival. Ellers blir det gjensyn med kjende Falturiltu-klassikarar som Ballturiltu og Stallturiltu, i tillegg til at festivalen sjølvsagt har mange fleire godbitar på lur.

Meir støtte til Falturiltu

Det er ei stor glede å melda at Falturiltu 2020 er tildelt 75.000,- i prosjektmidlar frå Sparebanken Vest.

I vår fekk festivalen 195.000,- frå Kulturrådet, 60.000,- frå Haugaland Kraft og 40.000,- frå SKL, så årets økonomi er godt sikra for verdas største nynorske barnebokfestival. Me tek sikte på å gjennomføra i kjent  stil i veke 45 (31. oktober – 6. november) Atle Hansen er allereie presentert som festivalforfattar, og ellers er det meste av programmet spikra, med godbitar for kulturinteresserte i alle aldrar. Dette vil me sleppa rett over sommaren.

Per dags dato veit me jo lite om korleis hausten blir, men vit i alle fall at me kjem til å gjennomføra Falturiltu 2020. Me vil laga til ein festival som rettar seg etter smittevernråda frå styresmaktene, og dermed kan det henda det blir aktuelt med alternative løysingar, til dømes digital formidling. Det vil tida vise.

God sommar!
collagelogo