Kategoriarkiv: Nytt frå Falturiltu

Nynorsk #Nettlest

Fem forfattarar på NettlestFalturiltu og Haugesund folkebibliotek går saman om digital formidling og festivalsamarbeid.

I desse tider må både folkebibliotek og litteraturfestivalar tenkja nytt, og Falturiltu sitt programråd er veldig glade for dette samarbeidet, samt å bli med på den andre runden i Haugesund folkebibliotek sin #nettlest-serie.

Haugesund folkebibliotek har saman med Falturiltu valt ut fem ulike nynorske barne- og ungdomsbokforfattarar. Her blir det alt frå faktabøker for dei små til fiksjon for ungdom. Videoane blir tilgjengelege på denne Youtube-lenka.

Det heile tek til fredag 3. april med Malin Hellebø som fortel om dei beste sjekketriksa til dyra. Etter det vil det bli formidling kvar dag fram til tysdag 7. april. Falturiltu sin festivalforfattar Atle Hansen kjem sjølvsagt, og presenterer frå dei tre bøkene Klure, Apetryne og Svartedalen. Det blir meir dyrefokus med skodespelar og forfattar Mats Eldøen som undrar på kva som ville skjedd dersom me menneske hadde hatt dyra sine eigenskapar.

Ekstra spennande blir det å presentera to forfattardebutantar, nemleg Sigrid Agnethe Hansen som skriv om nakenbilete som blir spreidd på nettet i boka Ser du dette, og Ann Helen Kolås Ingebrigtsen som tek opp ADHD, forelsking og venskap med boka Sinne.

Fleire av desse forfattarane blir å møta under Falturiltufestivalen til hausten som tek til 31. oktober.

Rockar på norsk

Denne veka var Nam Nguyen frå Fjorden Baby! i Kunsthallen på Kulturhuset og heldt låtskrivarkurs for unge rockeband, blant andre 4Adamas og Abzurd.

– Dette var veldig kjekt, seier ungdomane, og Nam var svært nøgd med dei unge låtskrivarane. Dei nye låtane vil bli framførde på ein eigen rockekonsert på ungdomsklubben på Litlabø under Falturiltu.

Falturiltu fyller fem år

Måndag 26. september vart programmet for Falturiltu 2011 presentert.

Dette er den femte festivalen i rekkja og me feirar det saman med barnebokklubben Blåmann som også har jubileum i år.

Programmet er variert og innhaldsrikt og spenner frå trøystekveld til rockekonsert.

Heile programmet finn du her: Program

Ingelin Røssland er festivalforfattar og tema for festivalen er «Tøff i trynet». Det er også tema for seminaret på Høgskulen Stord/Haugesund 11. november.

Sunnhordland  på pressekonferansen. Her er noko av det dei skreiv:

Sunnhordland.

Du kan også lesa om femårsjubileet vårt i LnkNytt.