Kategoriarkiv: Ymse

Falturiltu fyller 15


Ta med familien på bursdagsfest!

Falturiltu fyller femten år i år, og kva er vel meir naturleg enn å laga bursdagsfest med heile den opprinnelege programkomiteen – forfattarane Atle Hansen, Helga Gunerius Eriksen og Per Olav Kaldestad. I tillegg har dei med seg musikar Anette Thorsheim. Her blir det friske dikt og fengande musikk, gitar og toradar, utstilling og kake. Falturilthurra!

Print og Ramme, torsdag 11. november, kl 17. Billett finn du her!

Frå 6 år

Stedje og Tokvam opnar Falturiltu 2021

Året er 1981. Olav Stedje gir ut debutalbumet Ta meg med. Albumet blir ein stor suksess, ikkje minst på grunn av klassikaren Vi vandrar saman, som blir årets mest spelte låt. Ta meg med blei starten på ei imponerande musikalsk karriere som til no altså har blitt 40 år. Når Stedje besøkjer oss har han ikkje berre med seg songar frå desse førti åra. Han stiller også med tekstforfattar og ven Finn Tokvam. Saman skal dei snakke om åra på vegen, og musikken. Det blir humor og alvor. Det blir populærmusikalsk sladder og rom sjølvsagt for allsong! Og viktigast av alt: Det blir røysta og gitaren til Olav Stedje.

Billettar finn du her!

Ingebjørg Bratland avsluttar Falturiltu 2021

Foto: Isabel Watson

Det er ei stor ære å røpa at Ingebjørg Bratland vil avslutta årets Falturiltufestival, i Stord kyrkje, fredag 12. november

Bratland har knapt fylt 30 år, men ho er allereie kjend i heile vårt langstrakte land for si vakre songstemme og eineståande formidlingsevne. Karriera hennar begynte i folkemusikkmiljøet i svært ung alder, men ho har etterkvart bevega seg meir og meir mot popverda. Alt ho gjer har eit umiskjenneleg Bratlandsk særpreg. Med slagerar som Jul i Svingen, Ingen som du, På avstand, Fordi eg elskar deg, Ljos, Stjernene, Vintersong, Bror, Di Ingebjørg, har ho bora seg djupt  inn i den norske folkesjela. Ho er i tillegg ein fabelaktig formidlar, og ein konsert med Ingebjørg byr både på nydelege låtar og lune anekdotar. Denne miksen har gjeve henne eit stort og entusiastisk publikum over hele landet, i tillegg til over 63 millionar strøymingar på digitale plattformer, og gull- og platinatrofé for cd-ane sine.

Konserten vert arrangert i samarbeid med Stord sokneråd. 

Programmet for Falturiltu 2021 er så å seie i boks, og blir sleppt frå starten av september. Årets festivalforfattar er Ruth Lillegraven, og tema blir Inn i det grøne, inspirert av Lillegraven sitt fokus på natur og miljøvern.  

Rekordstor kulturrådsstøtte!

Falturiltu har nett blit tildelt 250.000,- av Kulturrådet!  Me er utruleg glade for denne rekordstore tildelinga, det er første gong festivalen får eit tilskot på over 200.000,-

Det er ingen tvil om at dette gjev ekstra motivasjon og spelerom til å utvikla eit spanande program til hausten. Me gler oss til god festivalstemning i november, saman med festivalforfattar Ruth Lillegraven og mange andre gjester.

Festivalforfattar 2021!

190925_0925RuthLillegraven_©ann-sissel-holthe__L3A6071-Edit-scaledDet er ei stor glede å røpa at Ruth Lillegraven har takka ja til å vere festivalforfattar under Falturiltu 2021 (6. – 12. november 2021).

Lillegraven debuterte som forfattar i 2005, og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen, og to år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne. I tillegg har ho skrive småbarnsserien om Mari og Magnus, og den ferske serien om Klodeklubben – spenningsbøker om miljø og klima.

I regi av Vossa Jazz og Falturiltu, blir ho å treffa allereie laurdag 27. mars, i Voss kulturhus, saman med musikar, komponist og tekstforfattar Annlaug Børsheim, som har tonesett mange av Lillegraven sine dikt for barn.