Falturiltu er ein av dei mest besøkte litteraturfestivalane for barn- og ungdom i Noreg, samt det største enkeltståande nynorskarrangementet i landet.
I 2021 var Falturiltu innom 10 kommunar med 104 ulike arrangement og hadde eit besøk på omtrent 6400. Falturiltu skal synleggjera statusen til nynorsk barne- og ungdomslitteratur, løfta fram kreativ og nyskapande formidling og skapa ein unik festival som set regionen på kartet.
I løpet av ei veke blir barn og ungdom aktive deltakarar ved å leggja arrangement til fotballbanar, skular, galleri, stallar, industriområde, bibliotek og kulturhus. Festivalen si målsetjing er at alle skal kjenna seg inkludert og få ei auka identitetskjensle av å vera med på Falturiltu. Festivalen legg opp eit ulikt program kvart år som tek utgangspunkt i ein raud tråd og tematikk knyta til ein festivalforfattar.
Bøker som ikkje er kjende, treng å bli formidla. Særleg gjeld dette bøker som har noko nytt i seg; bøker som provoserer, anten ved tema eller form; bøker med uvanleg motiv og skrivemåte; bøker som bryt sterkt med tradisjonen. Når det gjeld den nynorske barne- og ungdomslitteraturen, er det trong for å formidla heile spekteret av bøker, både dei nyskapande og dei tradisjonelle.
KVEN ER FALTURILTU?
Festivalen er eigd av Stord kommune og får driftsstøtte av Vestland fylkeskommune. Falturiltu har til no fått tilskot av Norsk Kulturråd, Sparebanken Vest, Høgskulen på Vestlandet, SKL, Haugaland kraft, Samlaget, NBU, Norsk forfattersentrum, Fritt Ord, Bokåret 2019, UDI og Kværner.
Roald Kaldestad (kunstnarleg leiar), Anna Rommetveit Folkestad (forfattar og illustratør), Jane Cathrin Særsten Jünger (kommunikasjonsansvarleg Wärtsila), Hege Myklebust (postdoktor Høgskulen på Vestlandet), Trond Onarheim (festivalkoordinator), Camilla Ruhs (barnebibliotekar Stord folkebibliotek) er ansvarlege for utforminga av festivalprogrammet.
Sekretariatet ligg i Stord kulturhus.
Kontaktpersonar: Trond Onarheim (trond.onarheim@stord.kommune.no) og Roald Kaldestad (kaldestad@hotmail.com)
Festivalen samarbeider med mange aktørar i heile Vestlandsregionen, blant anna: Førdefestivalen, Vossa Jazz, Barnas turlag DNT, Stord kulturskule, Stord vidaregåande skule, Fitjar vidaregåande skule, Sunnhordland Museum, Høgskulen på Vestlandet, Biblioteka i Sunnhordland, Bømlo kommune, Nynorsksenteret, Foreningen !Les, Leser søker bok, Barnebokkritikk.no, Kulturskrinet Karmøy, Haugesund folkebibliotek, Vindafjord folkebibliotek, Nordisk barnebokkonferanse, Bømlo kommune, LNK, Pirion, Framtida.no og Framtida junior, SILK, bLEST, Stord Mållag, Spinae Company, Kulturbygda Valestrand, Øyo-biblioteket, Kvinnherad fritidsklubb, Harri fritidsklubb, Stord jazzklubb, Nynorsk kultursentrum, Stord hestesportsenter, Solid IL, Trott IL, Stord IL, Skag design, Kalleberg trykkeri, Print og Ramme, Åtgaum, Arena scene, Kværner industrimuseum, Venelaget for Gruo på Litlabø, Sunnhordland kraftlag med fleire.