Kunstutstillinga: Stord vgs, formgjevingslinja

"Tøff i trynet"
«Då me fekk oppgåva om å designe eit antrekk med barokk og tøff i trynet i tankane, visste eg at eg ville lage ein kjole med ein gong. Det ville bli ein kul kjole.»
Elev frå Stord vgs, formgjevingslinja
Elevane har jobba med kol også. Dei har utforska valørar og teksturar. Det starta med ei teikning av eit realistisk andlete. Så forenkla dei det og stiliserte teikninga. Til slutt forstørra dei det på overhead og der flytta og forskauv dei det, slik at andletet blei tøft i trynet.
Dei har jobba intenst på den korte tida dei hadde til rådveld. Dei kunne ynskje at den nye reforma ikkje hadde tatt så mange timar frå faget. Dei har utnytta tida godt, og det blir spanande å få sjå utstillinga når den opnar på sundag etter Falturiltufesten. Liv Kari Eskeland vil opne utstillinga frå scenen under Falturiltufesten sundag, 6.11.11, kl. 16.00. 24 elevar stiller ut i kunsthallen på Stord kulturhus.
Kolteikning av elev – utsnitt av eit auge.

Bok- og fotballfest!

      

Falturiltu og Stord Fotball inviterer alle fotballglade born til fest på Vikahaugane, tysdag 8. november kl 18. Lars Mæhle (forfattaren bak «Keeper’n til Liverpool») og Atle Berge vil lesa frå bøkene sine om Knoterud FK og Barcelona-gjengen, det blir saft og kake i foajeen, og fotballaktivitetar (med fine bokpremiar!) på kunstgraset. Alt dette for kr 50,-.

obs! Bindande påmelding til Roald Kaldestad (tlf: 954 60 749 / epost: kaldestad@hotmail.com) innan 1. november.

Rockar på norsk

Denne veka var Nam Nguyen frå Fjorden Baby! i Kunsthallen på Kulturhuset og heldt låtskrivarkurs for unge rockeband, blant andre 4Adamas og Abzurd.

– Dette var veldig kjekt, seier ungdomane, og Nam var svært nøgd med dei unge låtskrivarane. Dei nye låtane vil bli framførde på ein eigen rockekonsert på ungdomsklubben på Litlabø under Falturiltu.

Nynorsk barnebokfestival på Stord