
Kunstutstillinga: Stord vgs, formgjevingslinja

Falturiltu og Stord Fotball inviterer alle fotballglade born til fest på Vikahaugane, tysdag 8. november kl 18. Lars Mæhle (forfattaren bak «Keeper’n til Liverpool») og Atle Berge vil lesa frå bøkene sine om Knoterud FK og Barcelona-gjengen, det blir saft og kake i foajeen, og fotballaktivitetar (med fine bokpremiar!) på kunstgraset. Alt dette for kr 50,-.
obs! Bindande påmelding til Roald Kaldestad (tlf: 954 60 749 / epost: kaldestad@hotmail.com) innan 1. november.
Denne veka var Nam Nguyen frå Fjorden Baby! i Kunsthallen på Kulturhuset og heldt låtskrivarkurs for unge rockeband, blant andre 4Adamas og Abzurd.
– Dette var veldig kjekt, seier ungdomane, og Nam var svært nøgd med dei unge låtskrivarane. Dei nye låtane vil bli framførde på ein eigen rockekonsert på ungdomsklubben på Litlabø under Falturiltu.
Festivalforfattaren vår, Ingelin Røssland, får flott omtale i Dagbladet for si nye bok «Minus meg»
Meldaren skriv: «To av årets ungdomsromaner handler om jenter som trenger nytt hjerte, bokstavelig talt. Mens Alf Kjetil Walgermos bok, «Mitt bankande hjarte,» er øm og virkelighetsnær, trekker Ingelin Røssland historien lenger: Hva skjer om hjertet ikke bare er sykt, men stopper – helt?»
Alf Kjetil Walgermo kjem også til Falturiltu, både for å besøka ungdomsskuleelevar, og å delta på ein open «Hjartekveld» i Kulturhuset.
Les meir om Ingelin Røssland si bok her: Minus meg.
Og om Alf Kjetil Walgermo si bok her: Mitt bankande hjarte.
Noregs einaste litteraturfestival for nynorske barne- og ungdomsbøker er stolte over å kunna presentera den tøffaste jenta i klassen, Ingelin Røssland, som årets festivaldiktar. Motto for festivalen i år er «Tøff i trynet». Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen har gjerne hatt eit ord for seg for å vera velskriven, morosam, gjerne ironisk, poetisk og på eit høgt litterært nivå. Ingelin Røssland sine bøker har alt dette, men dei er i tillegg spennande, tøffe, provoserande og ikkje minst inne i si eiga tid. Røssland skrive om unge jenter med både mot og styrke, som t.d. Engel Winge som både har eit englefjes og er tøff i trynet.
På Falturiltu 2011 vil Ingelin Røssland og bøkene hennar bli presenterte gjennom opplesingar, teater, konsertar og gjennom hennar eiga forelesing på Falturiltu-seminaret.
Ingelin Røssland
Født 19. februar 1976.
Oppvaksen på Tysnes i Sunnhordland. Busett i Stockholm.
Debuterte som forfattar i 1998 med ungdomsromanen «Viss du vil» på Det Norske Samlaget.
Begynte som journalist i lokalavisa Tysnes i 1995. Har også jobba for Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis. Fram til desember 2007 var ho tilsett i NRK der ho jobba som journalist og producer for fjernsynsprogrammet Newton. Jobbar no som forfattar på heiltid.
Teaterutdanning frå Bergen Teaterskole, journalist- og dokumentarfilmutdanning frå Høgskulen i Volda.
Ingelin Røssland er leiar for NB U (Norske barne- og ungdomsbokforfattere) sitt litterære råd.
Prisar
Ibby Honour List 2008
Blei tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris
Vinnar av UPrisen 2007.
Sigmund Skard-stipendet 200