2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Portrett Anja Dahle Øverbye av fotograf Thomas Ekstrøm

Anja Dahle Øverbye

Les meir

Program 2021

«INN I DET GRØNE»
Årets festivalforfattar:
Ruth Lillegraven

FREDAG 5. NOVEMBER

12:00 Vestibylen, Stord kulturhus
FESTIVALUTSTILLING: INN I DET GRØNE
Elevar ved Fitjar VGS har laga ulike kunstuttrykk med inspirasjon frå festivalforfattar Ruth Lillegraven sine tekstar. Utstillinga vil stå til 18. november.

20:00 Arena scene
FINN TOKVAM & OLAV STEDJE
+VINNAREN AV SUNNHORDLANDSLÅTEN 2021: MAY HUSETH KEHR
Året er 1981. Olav Stedje gir ut debutalbumet Ta meg med. Albumet blir ein stor suksess, ikkje minst på grunn av klassikaren Vi vandrar saman som blir årets mest spelte låt. Ta meg med blei starten på ei imponerande musikalsk karriere som til no altså har blitt 40 år.

Årets vinnar av Sunnhordlandslåten, May Huseth Kehr varmar opp!

LAURDAG 6. NOVEMBER

11:00 Vestibylen i Stord kulturhus
KAKEFEST
Servering av rykande fersk festivalkake frå Urt & Ugras fram til klokka 12.

11:15 Småsalen
KORTFILMPROGRAM under DEN STORE KINODAGEN
Filmar av Martine Grande og Bjørn Sortland
Kakerlakken med den stygge frakken…og hovudet fullt av triste tankar
Zara og dei: Gorillahjerne til middag
Zara og dei: Missekonkurransen

12:00 og 13:00 Stord bibliotek
BOK OG POLITIBOLLE

Pølsetjuven er tilbake! Kjell var ikkje noko god til å stela i det heile teke, så kva er han god til då? Kanskje finn han det ut når han dreg på tur i skogen med skulen og bestevenen Pølse-Per. Men nokon prøver å stela bestevenen hans! Med forfattar og illustratør Marianne Gretteberg Engedal.

16:00 Skateparken ved Stord kulturhus
RULLTURILTU

Ei formidabel skateoppvising med Stord rulleklubb, laptop-elevar ved Stord kulturskule og forfattar/ skater Åshild Moldskred.

17:00 Skjeret i Brandasund, Bømlo
BOKBÅTEN EPOS
FANGA PÅ FJORDEN
Festivalforfattar Ruth Lillegraven er fanga på bokbåten og treng hjelp til å løysa eit Klodeklubb-mysterium før ho slepp fri!

20:00 Arena scene, Bakeriet Frugård
BERGEN MANDOLINBAND

Dei livstørste musikarane i Bergen Mandolinband kjem til Falturiltu! Bandet til forfattar Gaute M. Sortland og felespelar Olav Christer Rossebø miksar heimelaga musikk med låtar som Rossebø har funne på sine reiser og gitt Sortland i oppgåve å lage nye tekstar til. Slik blir musikken ei blanding av det beste frå Cajunland og det verste frå Vestlandet.

SUNDAG 7. NOVEMBER

12:00 Dagsturhytta på Goddo, Bømlo
(Oppmøte ved Kinnestraumen bru klokka 11:00)
MENS ME VENTAR PÅ GODDO

Familietur med Barnas turlag til dagsturhytta Kurebu på Barmane. Ta med gode klede og varm kakao, og møt forfattaren bak Pølsetjuven og Polititjuven – Marianne Gretteberg Engedal. Det blir opplesing for dei små inne i hytta. Passar spesielt godt for barn mellom 4 til 8 år. Turen har oppstart frå parkeringsplassen ved Kinnestraumen bru klokka 11:00.

14:00 og 15:00 Stord hestesportsenter, Tyse
STALLTURILTU

Forfattarmøte, hesteridning og open kafé!
Ute i skogen er ikkje alt harmoni. Beveren Bella irriterar seg over desse bydyra som berre kjem på beite om sommaren, og bydyra irriterar seg visst over at alt skal vera så gamaldags i skogen. Men plutseleg skjer det noko som gjer at alle dyra kanskje får det betre om dei berre samarbeider? Med forfattar og illustratør Trude Tjensvold .

12:00 Notahaugskaien ved MS Sunnhordland, Leirvik
POLSK-NORSK DAG PÅ BOKBÅTEN EPOS
Workshop for children: «HOW DO BEARS FEEL?»

WITH POLISH ILLUSTRATOR AGATA KRÓLAK
Verkstad for barn mellom 0-3 år med illustratør Agata Królak.
The workshop is based on the picture book «Czujemisie». The scenario of the classes oscillates around the title «Teddy Bears». This will be an art workshop. Children will use poster paints and other art materials. Verkstaden vil føregå på polsk og norsk. Avgrensa med plass – kun 10 deltakarar. Førehandsting billett ved å klikka på lenka over.

13:30 Notahaugskaien ved MS Sunnhordland, Leirvik
POLSK-NORSK DAG PÅ BOKBÅTEN EPOS
Workshop for children: «A MONSTROUSLY TASTY CITY»

Verkstad for barn mellom 4-7 år med illustratør Przemysław Liput.
«There’s a huge, hungry Monster heading towards a small town! More than one city has already been devoured by this type. The mighty lizard loves good architecture, parks, greenery, well-kept squares and streets. Is that your town? Is he in danger of being eaten?»
The theme of the meeting will be the city and ecology. During the workshop, the children and I will talk about the good and bad of shared spaces.
Participants will work on three large-format illustrations from the books «Monster City» and «Here and Now. » Various kinds of flat magnets with printed graphics will be attached to the illustrations .
At the end of the workshop participants will be able to create their solutions for the city, which we will add to the illustrations.
Verkstaden vil føregå på polsk og norsk. Avgrensa med plass – kun 10 deltakarar. Gratis arrangement! Førehandsting billett ved å klikka på lenka over.

15:00 Notahaugskaien ved MS Sunnhordland, Leirvik
POLSK-NORSK DAG PÅ BOKBÅTEN EPOS
Meet the author Grzegorz Kasdepke.

Lesestund for barn mellom 8-12 år med forfattar Grzegorz Kasdepke.
Alina Łysak will chair the meeting with Grzegorz Kasdepke. The author will talk to children about his books. «There will be conversation, there will be questions.” Lesestunda er på polsk og norsk, og blir leia av Alina Łysak, som er bibliotekar ved folkebiblioteket i Wrocław. Gratis arrangement. Førehandsting billett ved å klikka på lenka over.

16:00 Konsertsalen, Stord vidaregåande skule
KORKAFÉ MED CORONA OG ATLE HANSEN

Koret Corona med dirigent Irene Simonsen inviterer til korkafé. I samarbeid med Falturiltu kjem forfattar Atle Hansen og les frå den nye vaksenboka si Han som vart att.

19:30 Åtgaum, Stord
KLASSIKARTIMEN – ELEFANTMUSIKKEN og KATTEN TIL IVAR AASEN MØTER HUNDEN FRÅ BASKERVILLE

Ragnar Hovland sine underfundige klassikarar blir løfta fram av Ingelin Røssland. Ragnar Hovland (f. 1952) har sidan debuten gitt ut meir enn 30 bøker innanfor alle sjangrar. Mange av bøkene hans er omsette til andre språk, og han har fått fleire litterære prisar i inn- og utland, mellom anna Brageprisen og Kritikarprisen. I årets utgåve av Klassikartimen har me valt ut to av Hovland sine elleville diktsamlingar: Elefantmusikken og Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville. Samtaleleiar er forfattar Ingelin Røssland.

MÅNDAG 8. NOVEMBER

11:00 Stord kulturhus
STORM I HODET

Frå teaterserien ALLE HAR EN LITEN DØR BAK ØRET med Vibeke Flesland Havre og Annlaug Børsheim
I denne framsyninga møter me hunden som har ein storm i hovudet, ein frykteleg vind som bles tankane bort. Han har berre lyst til å bite og slå, bite og klore og glefse og lugge og rive i filler og rive sund og øydelegge alt alt alt. Dikta i denne episoden er skrivne av forfattarane Gro Dahle, Per Olav Kaldestad, Christian Løchstøer og Ruth Lillegraven.

11:00, 12:00 og 13:00 Notahaugskaien ved MS Sunnhordland, Leirvik – gratis!
BOKBÅTEN EPOS
INN I SKOGEN

Skogverkstad for dei mellom 1-4 år med illustratør Tetiana Kosovska. Ta med eigne målesaker. Barnehagar kan melda seg på til trond.onarheim@stord.kommune.no

12:00 Kunsthallen, Stord kulturhus
UTSTILLINGSOPNING
6. trinn ved Leirvik skule stiller ut verk som dei har laga inspirert av festivalforfattar Ruth Lillegraven sine tekstar

18:00 Notahaugskaien ved MS Sunnhordland, Leirvik
BOKBÅTEN EPOS
MILJØAGENTANE OG KLODEKLUBBEN

Bli med og spel Klimaspelet med Miljøagentane og møt festivalforfattar Ruth Lillegraven og illustratør Jens Kristensen bak serien Klodeklubben. Arrangementet høver godt for barn 8-12 år og varer i ca. 45 minutt. I samarbeid med Stord folkebibliotek.

18:00 Kulturhotellet Fengselet
BOKSLEPP: TO LYSE HUNDAR

Første arrangement i det nye Kulturhotellet Fengselet! Boka To lyse hundar er eit samarbeid mellom forfattar Per Jan Ingebrigtsen og fotograf Øyvind Hjelmen. På programmet står utstilling av bilete frå boka, ein samtale mellom forfattar og fotograf korleis dei har jobba saman i prosjektet, samt framføring av 1. scene med skodespelar Helge Jordal og regissør Per Jan Ingebrigtsen. Eit skodespel som har vore karakterisert som eit «poetisk drama rissa i ibenholt».

19:30 Måndagsklubben – lukka framsyning
FORFATTARMØTE
Forfattar les for klubben i Stord kulturhus

20:00 Åtgaum, Stord
SANDRA KOLSTAD

Sandra Kolstad kjem endeleg til Falturiltu! Kolstad har gjeve ut seks kritikarroste album, seinast Burning Love (2019) og Elv på himmelen (2019) som ho kjem til Åtgaum for å framføra. Albumet er laga til Jon Fosse si diktsamling Stein til Stein. Sandra Kolstad har også debutert som forfattar i år, med romanen To ord for ødeleggelse.

TYSDAG 9. NOVEMBER

11:00 Stord kulturhus
ANDRE VERDENSROM

Frå teaterserien ALLE HAR EN LITEN DØR BAK ØRET med Vibeke Flesland Havre og Annlaug Børsheim
Visste du at griser ikkje kan løfte hodet, og derfor aldri har sett himmelen? I denne episoden møter me ein gris som drøymer om om å bli astronaut. Me snakker om stjerner og planeter, og hilser på den lille jenta som bur heilt aleine på den vesle stjerna beint over epletreet. Dikta i denne episoden er skrivne av forfattarane Gro Dahle, Per Olav Kaldestad, Christian Løchstøer og Ragnar Hovland.

12:00 Dagsturhytta på Utslettefjellet
OPNING AV UTSLETTESLOTTET
Den nye dagsturhytta på Stord blir opna av ordførar Gaute Epland. Lesestund med forfattar Martine Grande. Merk: Turen opp til hytta tek ca. 30 minutt, så det er lurt å berekna god tid. Dagsturhytteprosjektet starta som ein litt vill idé i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016. No er hyttene kjende landemerke og populære turmål i heile Vestland fylke. Alle hyttene, både dei som er på plass og dei som kjem, skal ha eit nynorsk turbibliotek. Det skal stimulere til lesing, fremje nynorsk litteratur spesielt og gjere innbyggjarane betre kjent med det lokale biblioteket sitt.

12:30-14:00 Stord folkebibliotek
SPRÅKKAFÈ
Per Olav Kaldestad deltek på Internasjonal kulturklubb sin Språkkafé, med Selma M. Yonus si bok Vuggesang for liten kriger som han har omsett deler av.

17:30 Stord kulturhus
SMÅSCENERI: JAKOB OG NEIKOB OG ALLE ANDRE

Denne gongen har Neikob mista grepet totalt. Bollane er brende, mjølet ligg strødd utover, venen Masekob kjem stadig innom og forstyrrar alt. I tillegg finn Neikob ut noko nytt om seg sjølv: han er annleis, og han vil bli som Alle Andre. Men kvar skal ein leita etter Alle Andre? Overalt? Høver godt for barn 3-7 år. Varer i ca. 35 minutt.

20:00 Åtgaum
BOKBAR

To etablerte forfattarar + ein debutant. Gaute Sortland, Mads Rage og Krista Lien Indrehus er alle samtidsaktuelle forfattarar som for første gong er med i Falturiltu sitt program. På Åtgaum er det duka for klassisk lesing og eit bokbad leia av Ingelin Røssland.

ONSDAG 10. NOVEMBER

11:00 Stord kulturhus
ØYEBLIKK

Frå teaterserien ALLE HAR EN LITEN DØR BAK ØRET med Vibeke Flesland Havre og Annlaug Børsheim
I denne episoden møter vi gåsa som lurer på kven ho er, kanskje ho eigentleg er ein svane? Vi får høyre om korleis alt starta, at vi ein gong berre var eit bitte lite frø i magen. Eit lite frø som voks og voks og vart til eit lite menneske. Og menneska som fortsette å vekse, heilt til dei ikkje klarer meir, og så dør dei, og kattar dør og mus dør og allting blir borte i vegkanten. Det har eg sett. Dikta i denne episoden er skrivne av Christian Løchstøer, Ruth Lillegraven, Gro Dahle, Svein Nyhus og Per Olav Kaldestad.

13:00 Åtgaum – gratis!
Samlaget inviterer til lansering av Alexander er forelska i Live
Velkomen til lansering av Atle Hansen sin nye roman for ungdom! Alexander er forelska i Live er ein sterk og varm roman om å godta seg sjølv og kjenslene sine, og om å tore å stå for den ein er. På lanseringa kan du høyre forfattar Atle Hansen lese eit utdrag frå boka og etterpå blir det tid for hyggeleg prat, boksal og signering.

18:00 Storsalen, Stord kulturhus
INN I DET GRØNE

Annlaug Børsheim Band med Stord Soul Children, dansarar og dramaelevar frå Stord kulturskule! Då Annlaug Børsheim las boka Eg er eg er eg er av festivalforfattar Ruth Lillegraven, var det som om dikta traff både den vesle jenta og den vaksne dama i ho, ofte i eitt og same dikt. Til Falturiltu har Annlaug med seg superbassist Anders Bitustøyl (Sigrid Moldestad, Frode Grytten Beat Band) og favoritt trommemann Kåre Opheim (Real Ones, Karl Seglem, Sigrid Moldestad).

19:15 Onsdagsklubben – lukka framsyning
FORFATTARMØTE med Helga Eriksen
Helga Eriksen les for klubben i Stord kulturhus

20:00 Åtgaum – UTSELT!
HALVOR FOLGERØ – Vestlandsvegar

Halvor Folgerø fortel om korleis det var å leve med farlege Vestlandsvegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid. Det handlar om hårnålssvinger, rygging på stup, kork og kø, skrekkslagne turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar.

TORSDAG 11. NOVEMBER

10:00 – 15:00 Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord
FALTURILTUSEMINARET 2021
Formidlingsseminar for lærarstudentar, bibliotekarar og andre litteraturinteresserte. Med Ruth Lillegraven, Sandra Kolstad, Martine Grande, Svein Olav Langåker, Terje Torkildsen med fleire.

17:00 Print og Ramme
FALTURILTHURRA I 15 ÅR

Falturiltu fyller femten år i år, og kva er vel meir naturleg enn å laga bursdagsfest med heile den opprinnelege programkomiteen – forfattarane Atle Hansen, Helga Gunerius Eriksen og Per Olav Kaldestad. I tillegg har dei med seg musikar Anette Thorsheim. Her blir det friske dikt og fengande musikk, gitar og toradar, utstilling og kake. Falturilthurra! Passar for dei frå 6 år.

19:00 SKL-bygget
MÅLLAGSKVELD: DEN SCHIZOFRENE FORFATTARSKAPEN

Ruth Lillegraven og Agnes Ravatn i møte med bokbadar Hege Myklebust som prøver å finna ut korleis ein kan halda tråden i så ulike sjangrar som dikt, essay, barnelitteratur og krim.

19:30 Konsertsalen, Stord vidaregåande skule
HAUSTKONSERT

Stord musikkline sin årlege haustkonsert med forfattargjest Anders Totland. Her blir det kor, ensemble og solistar. Betaling med VIPPS ved inngang.

FREDAG 12. NOVEMBER

12:00 Haugesund folkebibliotek
POLITITJUVEN MED MARIANNE GRETTEBERG ENGEDAL

Pølsetjuven er tilbake! Kjell var ikkje noko god til å stela i det heile teke, så kva er han god til då? Kanskje finn han det ut når han dreg på tur i skogen med skulen og bestevenen Pølse-Per. Men nokon prøver å stela bestevenen hans! Med forfattar og illustratør Marianne Gretteberg Engedal

17:30 Aulaen, Høgskulen på Vestlandet
KLODEKLUBBEN

Dei tre venene Vanja, Sivert og Mo opplev at det skjer merkelege ting i bygda. Når ingen vaksne trur på dei, så må Klodeklubben ta saka i eigne hender. Studentar og lærarar ved Høgskulen på Vestlandet har skreddersydd ei eiga framsyning om festivalforfattar Ruth Lillegraven sine miljøagentar. Passar godt for barn frå 5 år.

19:00 Stord kyrkje – UTSELT!
INGEBJØRG BRATLAND

Falturiltu er veldig glade for å avslutta festivalen med ei av stjernene blant Noreg sine liveartistar. Ingebjørg Bratland er kjent over heile landet for si vakre songstemme og eineståande formidling.

LAURDAG 13. NOVEMBER

11:30 Etne bibliotek
13:30 Vindafjord bibliotek
FAMILIEDAG MED POLITITJUVEN

Pølsetjuven er tilbake! Kjell var ikkje noko god til å stela i det heile teke, så kva er han god til då? Kanskje finn han det ut når han dreg på tur i skogen med skulen og bestevenen Pølse-Per. Men nokon prøver å stela bestevenen hans! Med forfattar og illustratør Marianne Gretteberg Hansen


SKULEPROGRAM

MERK: Alle programma på skulane er opne, med mindre det står merka med «lukka arrangement». Om du ønskjer å koma på eit skulearrangement så send ein e-post til trond.onarheim@stord.kommune.no

MÅNDAG 8. NOVEMBER

STORM I HODET – Alle har en liten dør bak øret
Storsalen i Stord kulturhus
Teaterframsyning med Annlaug Børsheim og Vibeke Havre
09:30 1. trinn ved Tjødnalio, Sagvåg og Litlabø skule
11:00 Studentar ved Høgskulen på Vestlandet (Ope framsyning)
12:15 1. trinn ved Leirvik og Rommetveit skule

SKULETURNÉ: TRUDE TJENSVOLD
09:00 Rommetveit skule, 2. trinn
11:00 Hystad skule, 2. trinn, gruppe 1
12:15 Hystad skule, 2. trinn, gruppe 2

KLODEKLUBBEN – MØTE MED FESTIVALFORFATTAR RUTH LILLEGRAVEN OG ILLUSTRATØR JENS KRISTENSEN
09:15 Hystad skule, 3. trinn, gruppe 1
10:30 Hystad skule, 3. trinn, gruppe 2

UNGDOMSBOKBAD – INGELIN RØSSLAND
10:00 Småsalen i Stord kulturhus, Nysæter US, 8. og 10. trinn

UTSTILLINGSOPNING MED RUTH LILLEGRAVEN
12:00 Kunsthallen i Stord kulturhus, 6. trinn ved Leirvik skule

SKULETURNÉ: ARILD TORVUND OLSEN
08:30 Selevik skule, Fitjar, 1. – 7. trinn
10:00 Øvrebygda skule, Fitjar, 3. – 4. trinn
12:00 Rimbareid skule, Fitjar, 4. trinn

SKULETURNÉ: INGELIN RØSSLAND
13:20 Rimbareid ungdomsskule, Fitjar

SKULETURNÉ: MARTINE GRANDE
Etne bibliotek, to framsyningar
Skånevik bibliotek

SKULETURNÉ: HARALD NORTUN
Kvinnherad folkebibliotek
Husnes skule

TYSDAG 9. NOVEMBER

ANDRE VERDENSROM – Alle har en liten dør bak øret
Storsalen i Stord kulturhus
Teaterframsyning med Annlaug Børsheim og Vibeke Havre
09:15 1. trinn ved Langeland skule
11:00 1. trinn ved Hystad skule
12:15 1. trinn ved Leirvik skule

SKULETURNÉ: MARTINE GRANDE
08:45 Tjødnalio skule, 3. trinn
10:00 Litlabø skule, 3. trinn
12:00 Opning av dagsturhytta Utsletteslottet, 3. trinn ved Sagvåg skule

SKULETURNÉ: TRUDE TJENSVOLD
09:00 Tjødnalio skule, 2. trinn
11:00 Litlabø skule, 2. trinn
12:20 Sagvåg skule, 2. trinn

KLODEKLUBBEN – MØTE MED FESTIVALFORFATTAR RUTH LILLEGRAVEN OG ILLUSTRATØR JENS KRISTENSEN
09:00 Rommetveit skule, 3. trinn
11:00 Leirvik skule, 3. trinn, gruppe 1
12:30 Leirvik skule, 3. trinn, gruppe 2

SKULETURNÉ: HARALD NORTUN
09:15 Rommetveit skule, 6. trinn
11:15 Litlabø skule, 6. trinn
12:30 Sagvåg skule, 6. trinn

UNGDOMSBOKBAD – INGELIN RØSSLAND
12:30 Nordbygdo US, 8. trinn
13:15 Norbygdo US, 9. trinn

ONSDAG 10. NOVEMBER

ØYEBLIKK – Alle har en liten dør bak øret
Storsalen i Stord kulturhus
Teaterframsyning med Annlaug Børsheim og Vibeke Havre
09:15 2. trinn ved Langeland skule
11:00 Open framsyning for barnehagar

SKULETURNÉ: MARTINE GRANDE
10:00 Langeland skule, 3. trinn
11:45 Langeland skule, 3. trinn

UNGDOMSBOKBAD – ERNA OSLAND OG INGELIN RØSSLAND
10:15 Stord US, 9. trinn

SKULETURNÉ: MARIANNE GRETTEBERG HANSEN
Karmøy

SKULETURNÉ: INGER JOHANNE SÆTERBAKK
Karmøy

TORSDAG 11. NOVEMBER

SKULETURNÉ: INGER JOHANNE SÆTERBAKK
09:30 Øvrebygda skule, 5. – 7. trinn
11:40 Rimbareid skule, 7. trinn

SKULETURNÉ: MARIANNE GRETTEBERG HANSEN
Karmøy

FREDAG 12. NOVEMBER

SKULETURNÉ: INGER JOHANNE SÆTERBAKK
09:15 Onarheim skule, Tysnes

SKULETURNÉ: NABOEN MIN
09:15 Onarheim skule
11:30 Bokbåten EPOS

Merk: Programmet er framleis under utvikling, så det kan koma fleire arrangement framover. Følg med!