Program 2022

HANS MORTEN HANSEN – NATURAL BORN KOMIKER
Kjøp billett til Hans Morten Hansen
FREDAG 4. nov
20:00 Arena scene, Stord

Dørene opnar 19:00 – sitteplassar
Falturiltu opnar årets festival med Hans Morten Hansen. Hansen har vunne fleire komiprisar, han underheld heile landet på laurdagar i «Side om Side» og førre gong han lagde show kalte Rogalands Avis han for «Norges morsomste mann». Sjå fram til ein standupforestilling med nær, kjær og personleg observasjonshumor av første klasse.

ARRFJES – TERJE TORKILDSEN OG JOHAN EGDETVEIT
Arrfjes
LAURDAG 5. nov
14:00 Møllebuo, Stord (ved Stord kyrkje)

Årets festivalforfattar på Falturiltu lagar teaterframsyning av ei av dei meste populære bøkene sine. Den historiske sjøromanen Arrfjes er truleg den mest lesne boka Terje Torkildsen har skrive og ho blei i Bokåret 2019 kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene på nynorsk sidan tusenårsskiftet. Ei teaterframsyning med nyskriven musikk av vossingen Johan Egdetveit.

MÅLLAGSKVELD MED STEIN TORLEIF BJELLA
Kjøp billett til Stein Torleif Bjella
LAURDAG 5. nov
20:00 Arena scene, Stord
Dørene opnar 19:00 – sitteplassar

Stein Torleif Bjella er kjend som musikar, rimsmed og forfattar. For romanen Fiskehuset vart Bjella tildelt Nynorsk litteraturpris 2021. Ein av våre aller største visekunstnarar leverer melodiar og historier med ei formidlingsevne få er i nærleiken av. Det er berre å gle seg til eit dykk ned i Bjellas låt- og tekstunivers når han besøkjer Stord.

LANGS KVAR EIN VESTLANDSVEG
Folgerø Vestlandsveg
MÅNDAG 7. nov
18:00 Storsalen, Stord kulturhus

NRK-journalist, forfattar og eks-kornettist Halvor Folgerø vender tilbake til sitt barndoms skulekorps! Langs kvar ein vestlandsveg er basert på Folgerø si andre samling av fantastiske historier om dei sagnomsuste vegane på Vestlandet. Her blir det spanande, gripande og morosame forteljingar, foto på stort lerret, og Stord og Rommetveit skulekorps som gjennom utvalde musikkstykke underbygger og kontrasterer forteljingane. Folgerø blir med både på fagott og bass.

REGNDROPEBARNA OG ANDRE DYR
Regndropebarna
TYSDAG 8. nov
18:00 Valestrand kulturkyrkje, Sveio

Familiekonsert med Sigrid Moldestad og Regndropebandet. Av alt diktaren Jan-Magnus Bruheim etterlet seg står barnedikta hans i eit eige lys. Hans vidunderlige evne til å undre seg over smått og stort, betraktningar blant natur og dyr og hans klåre stemme til dei som fell lit utanfor, går att i dikta. Vakre sterke tekstar som snakkar til både små og store. Det er leikne historier om “ Snigla som sykla” og dei som bur i “Sutrelid” og det er såre bileter om bråkeguten som egentlig vil vere grei.

KARI BREMNES
Kjøp billett til Kari Bremnes
TORSDAG 10. nov
19:00 Stord kyrkje
– NB: Få billettar!
Kari Bremnes har skrive songar i 20 år og gjeve ut 15 soloalbum. Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med fans i mange land og eit platepublikum over heile verda. I Stord kyrkje opptrer Kari Bremnes saman med Bengt Egil Hanssen på tangentar.

TØNES
Kjøp billett til Tønes
FREDAG 11. nov
20:00 Arena scene, Stord

Dørene opnar 19:00 – ståplassar
Tønes heiter eigentleg Frank Tønnesen, kjem frå den vesle bygda Sokndal i Rogaland og er ein av landets beste låtskrivarar og tekstforfattarar. I tekstane nyttar han Sokndal-dialekt og fortel underfundige og humoristiske historiar om små og store ting. Tønes har gjeve ut 10 album, og den siste plata «Thilda Bøes Legat» fekk strålande omtalar.

Fullt program kjem 30. september, men fram til dess kjem det stadige programslepp. Følg med her!

Nynorsk barnebokfestival på Stord