Ragnar Hovland debuterte i 1979, og allereie året etter kom den første barneboka hans, Det får stå til, som gav han Kultur- og Vitskapsdepartementet sin debutantpris. Med sin humoristiske og innfallsrike skrivemåte var Hovland ein nyskapar i barnelitteraturen på åttitalet, og han har seinare inspirert ein heil generasjon unge forfattarar. Han har skrive i dei fleste sjangrar; barnedikt, som i Elefantmusikken (1985), essay for unge, dramatikk, noveller og romanar, blant andre Ein motorsykkel i natta (1992), som vann Brageprisen, og Fredlaus (2006) som fekk Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris.
Ragnar Hovland er også ein særprega illustratør, som har illustrert fleire av sine eigne bøker, til dømes Emil og kaffikokaren (1987) og Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (1996). I tillegg er han musikant og komponist.
Under Falturiltu 2016 treff du han her!