2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Portrett Anja Dahle Øverbye av fotograf Thomas Ekstrøm

Anja Dahle Øverbye

Les meir

Seminar 2020

FALTURILTU
SEMINARET 2020

STAD: Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord, Store auditorium.
Grunna smittevernsomsyn er det ikkje tilgang for eksterne deltakarar utanom studentar ved Høgskulen på Vestlandet i år


Seminaret er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, Barnebokkritikk.no, Foreningen !Les, Stord folkebibliotek, Tøyen bibliotek og Fritt Ord.

Seminaret blir strøyma på nett via denne lenka: https://hvl.zoom.us/j/62505368876?pwd=Rm5JZU16Ry95UE92QzgxSDZwemFPUT09
Passord er: falturiltu


PROGRAM:

10:00 Opning
Videohelsing fr Campusutviklar ved HVL, Paul Jostein Manger.
Musikkinnslag: Ena Vallestad Kårbø med årets Sunnhordlandslåt

10:20 Kåseri
Festivalforfattar Atle Hansen kåserer om seg sjølv som forfattar

10:45 Verdas kulaste stad for barn
Time Magazine har kåra Tøyen bibliotek til å vera ein av verdas 50 kulaste stadar. Seksjonsleiar Ranveig Stende Johnsen kjem for å røpa litt av suksessen bak staden der «vaksne har ingen adgang».

11:30 LUNSJ

12:30 Barn på flukt – kva gjer det med oss
Korleis kan ein best formidla litteratur om krig og flukt på ein god måte, kva erfaringar har forfattarane sjølv? Kva tips kan me gje til morgondagens pedagogar og formidlarar? Med forfattar Atle Hansen og Randi Fuglehaug. Samtaleleiar er forfattar og journalist Magnhild Bruheim. I samarbeid med Stord folkebibliotek og Fritt Ord som har støtta denne samtalen.

13:30 Klimaheltar og klimaskurkar
Det kjem ut stadig fleire bøker for barn og ungdom med miljø og klima som tematikk. Om ei av desse skreiv kritikar Guri Fjeldberg at boka «tilbyr deg rollen som miljøhelt, men kan fort gi deg følelsen av å være skurken». Kva kan me håpa å oppnå med «grøn litteratur», og er forfattarar og kritikarar seg medvitne at ansvaret for å avgrensa miljøskader på kloden først og fremst må leggjast på verdas politikarar, og ikkje på dei enkelte barnelesarane? Me ser på heldige og mindre heldige grep i «den grøne litteraturen».

Barnebokkritikk sin panelsamtale med Guri Fjeldberg (kritikar), Hans Sande (forfattar) og Ruth Lillegraven (forfattar). Moderator er litteraturvitar, kritikar og forfattar Petra J. Helgesen frå Foreningen !Les

14:30 SLUTT