Smittevern for utøvarar

Falturiltu er glade for å kunna invitera til ein fysisk festival med fokus på gode litteraturopplevingar og sjølvsagt godt smittevern. Her er relevant informasjon for deg som er utøvar i år. Programrådet i Falturiltu er årvakne og følgjer situasjonen dag for dag, og denne nettsida blir jamnleg oppdatert.
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom det er noko du er usikker på.

Kontaktinformasjon til festivalkoordinator Trond Onarheim:
911 01 239
trond.onarheim@stord.kommune.no


Før du reiser til festivalen

  • Kjenn etter om du har luftvegssymptom, feber eller liknande. Om du kjenner deg sjuk er det nok best at du held deg heime. Det same gjeld om du er i karantene eller har vore i nærkontakt med korona-smitta. Les nøye råda på fhi.no og ta kontakt så snart som mogleg med festivalkoordinator dersom du må avlysa reisa.
  • Frisk som ein villfisk? Reis i veg, den einaste oppmodinga er at du nyttar munnbind på offentleg transport.

Når du er på festivalen

  • Om du kjenner deg sjuk under festivalopphaldet, sjølv om det skulle vera milde symptom, så må du halda deg i ro og unngå kontakt med andre. Ring eller send melding til festivalkoordinator så snart du kan så tek koordinatoren kontakt vidare med oppdragsstadane dine.
  • Transport på festivalen. Køyring til og frå flyplass, samt til og frå arrangement og skular vil for det meste bli gjort med ein festivalbil for dei som ikkje har eigen leigebil. Hos oss er det frivillige og ansvarlege i programrådet som er sjåførar, og det kjem maks til å vera 2 personar som deler bil utanom sjåfør. I desse tilfellene skal 1 person sitja i framsetet og 1 person sitja i baksetet. Me prøver som best me kan å få til logistikken slik at du ikkje skal ha mange ulike sjåførar/ nærkontaktar. Sjåfør vil ha munnbind, og me tilrår det same for deg som er utøvar.
  • Hygiene. God handhygiene er viktig når du skal reisa rundt på ulike stadar. Du vil få utdelt eigen handdesinfeksjon, og dette vil og dei frivillige og ansvarlege ha med seg om du har gløymt din eigen.
  • Hald avstand til publikum – minst 2 meter. Utanom formidlingssituasjonen bør du alltid halda minst 1 meter avstand til andre.
  • Unngå nær ansikt-til-ansikt-kontakt. Om nokon skal hjelpa deg med teknisk utstyr du har med deg, slik som minnepenn og pc, så er det lurt å tenka på å halda avstand og desinfisera utstyret.
  • Ved bruk av heis bør du ikkje ta denne saman med andre enn dine eigne nærkontaktar.
  • Unngå deling av felles utstyr mest mogleg, og reingjer utstyr når du kan.
  • Skal du vera med på Falturiltuseminaret? Dette seminaret vil kun vera for interne deltakarar, det vil seia studentar og lærarar ved Høgskulen på Vestlandet, samt inviterte gjester og føredragshaldarar. Det vil vera smittevernomsyn i høve plassering, desinfisering, eigne mikrofonar for alle involverte.

Smittesituasjon (oppdatert 04.11.2020)

  • 6 personar har testa positivt for korona i Stord kommune i veke 45, dei fleste er relaterte til arbeidsinnvandring. Ein har eigne lokale retningslinjer med oppfordringar til innbyggjarane.
    Kommunen si informasjonsside finn du på denne lenka
  • Det er ikkje spora nokon smitte til arrangement og desse kan gå som planlagt innanfor dei nasjonale retningslinjene.

 

Nynorsk barnebokfestival på Stord