Smittevern

Smittevern under festivalen


Gå tilbake til programmet


  • Arrangement og tiltak
    Det er gode smittevernsrutinar der du skal på arrangement, og du vil finna desinfeksjon lett tilgjengeleg. Dersom det er faste seter vil det vera avstand mellom deg og andre som skal på arrangementet, og det er viktig at du sjølv tenkjer på å halda 1 meter avstand til andre i opne områder både inne og ute.

  • Billettsal
    I år er det kun digitalt billettsal via stord.kulturhus.no, du finn kjøpslenke på falturiltu.no fordelt på arrangement. Det blir ikkje selt billettar i døra og det er avgrensa med plassar så me tilrår å vera tidleg ute. Alle må oppgje kontaktinformasjon ved billettkjøp.


  • Endringar i programmet
    Det kan skje endringar i siste liten heilt til arrangementsdagen er der, så følg aktivt med på falturiltu.no og Falturiltu si Facebookside. Dersom eit arrangement blir avlyst får du i etterkant informasjon om refusjon av billettkjøp.


  • Før du går på arrangement
    Kjenn etter om du har luftvegssymptom, feber eller liknande. Om du kjenner deg sjuk er det viktig at du held deg heime. Det same gjeld om du er i karantene eller har vore i kontakt med korona-smitta. Les nøye råda på fhi.no


  • Hygiene
    Det vil vera handvask og/ eller desinfeksjon tilgjengeleg. Hugs å vaska hendene dine godt både før og etter besøket. Publikumsområder blir jamleg desinfisert.


  • Møt opp i god tid
    Det er til stor hjelp om du kjem i god tid slik at det blir minst mogleg kø ved innslepp til arrangement.


  • Servering
    Det blir ingen matservering på arrangementa i år, men det er mogleg å ta med seg eigen kopp på utandørsarrangmentet Falturiltur til Hauglandskvedno og få enten kaffi eller saft av Stord-Fitjar turlag.


  • Sitja saman med nokon du kjenner?
    Der det er stolar som kan flyttast på vil desse vera satt opp på førehand med tanke på best mogleg avstand mellom ulike kohortar. Me skjønar om du vil sitja saman med nokon du kjenner dersom dette er ein av dine nærkontaktar, men ber då om at de først spør ein ansvarleg på staden om de kan flytta stolane.


  • Når arrangementet er ferdig
    Hugs å halda avstand til andre på veg ut. Dersom du ikkje sit ytst på ei rad ber me om at du blir sitjande og ventar til dei nærast døra har kome seg ut slik at det blir minst mogleg trengsel.


  • Elles: Hugs å kos deg!
    Me er veldig glade for å kunna arrangera ein fysisk festival sjølv om det er eit noko annleis år, og håpar du får ein god festivalkjensle!


    Gå tilbake til programmet


     

Nynorsk litteraturfestival for barn og ungdom