Bilete

Festivalforfattar 2021!

190925_0925RuthLillegraven_©ann-sissel-holthe__L3A6071-Edit-scaledDet er ei stor glede å røpa at Ruth Lillegraven har takka ja til å vere festivalforfattar under Falturiltu 2021 (6.-12. november 2021).

Lillegraven debuterte som forfattar i 2005, og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen, og to år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne. I tillegg har ho skrive småbarnsserien om Mari og Magnus, og den ferske serien om Klodeklubben – spenningsbøker om miljø og klima.

I regi av Vossa Jazz og Falturiltu, blir ho å treffa allereie laurdag 27. mars, i Voss kulturhus, saman musikar, komponist og tekstforfattar Annlaug Børsheim, som har tonesett mange av Lillegraven sine dikt for barn.